Puslingar: roman

Skjønnlitteratur

Puslingar: roman

4 t 40 min
Drivande roman om ei av dei mest dramatiske hendingane i Noreg i 1980-åra Året er 1980. I Nordsjøen har bustad- plattforma Alexander L. Kielland kantra, og heime i Nordhordland sit familien til oljearbeidaren Jonny og ventar på at telefonen skal ringje. Vi følgjer tenåringsjenta Marita vidare i livet, gjennom forelsking og opprør og i draumen om å bli oljeingeniør. Med seg har ho eit brennande ønske om å finne svar på kva som gjorde at Kielland velta. Skal ikkje nokon stillast til ansvar for at 123 oljearbeidarar mista livet på jobb? «Puslingar» gir innblikk i ungdomstid og framtidsdraumar prega av ei av dei mest dramatiske hendingane i Noreg i 1980-åra.
379,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234009006
Atle Berge
Om forfattaren

Atle Berge

Atle Berge (f. 1986) er frå Hjelmtveit i Nordhordland. Han er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum. Berge har med dei tre romanane Muntergang (2010), Stockholmsyndromet (2012) og Superpularen (2015) skapt eit særeigne univers der samfunnet vårt blir skildra på ein gjenkjenneleg, underhaldande og original måte. I 2019 vart han tildelt LOs litteraturpris for den fjerde romanen sin, Puslingar, der han skildrar etterverknadane av Kielland-ulykka.

Foto: Gry Traaen