Olaug Nilssen: Romanar i koronaens tid

Olaug Nilssen: Romanar i koronaens tid

Laura Djupvik 
Hjartet er ingen logrande hund 

Eg veit ikkje om det er allment kjent at det ikkje berre er passiv-aggressiv det går an å vere, men òg audmjuk-aggressiv. Etter å ha lese Hjartet er ingen logrande hund kan ein greie ut om dette fenomenet, uansett om ein har eller ikkje har opplevd det sjølv. Romanen handlar om forhold mellom foreldre og deira vaksne barn, og om korleis det er når ei religiøs overbygging byrjar å sprekke opp.

306,00 kr 349,00 kr

Hilde Kvalvaag 
Skagerrak 

Hilde Kvalvaag er ein brageprisvinnande ungdomsbokforfattar som òg skriv godt og interessant for vaksne. Skagerak er ein kammerspelsroman om to familiar tett i tett på hytteferie. «Korleis held vi eigentleg ut med kvarandre?» er alltid eit viktig filosofisk og eksistensielt spørsmål, og det er truleg særleg aktuelt no, så det kan godt vere lurt å skjule for partnaren at du les denne intense sommarferieromanen.

89,50 kr 179,00 kr

Arne Henning Årskaug 
Utstyrstekstar 

Den første novella i denne boka, «Ein mønstervoven kjærleik», er verd prisen åleine. Det er ein ellevill «Nokon kjem til å kome»-variant, som neppe har vore tenkt verken som ein parodi på eller ei hylling av Jon Fosse, men som likevel sender tankane i den retninga, med ein viss skrekkblanda fryd. Utstyrstekstar er full av artige eksperiment og påfunn, med underliggjande eksistensielle tema. Og så må det nemnast at boka er ein skatt for sunnfjordingar som likar dialekta si.

164,50 kr 329,00 kr

Marita Liabø 
Pusteproblem

Kanskje ein upassande tittel, ettersom pusteproblema Marita Liabø beskriv her, ikkje er knytte til korona-smitte, men derimot til angst og utmatting. Pusteproblem er ein ganske underhaldande og gjenkjenneleg roman om å stresse i tidsklemma, med full jobb og mange barn. Etter kvart tek mørket over og et seg stort, både for hovudpersonen og omgjevnadene. Tankevekkjande og interessant om ei kvinne som snart er midt i livet.

184,50 kr 369,00 kr

Anna Gavalda 
Saman er ein mindre aleine

Også dette er eigentleg ein upassande tittel. I alle fall litt deprimerande i tida vi opplever no. Men Saman er ein mindre aleine kan vere oppmuntrande i heimekarantenen, når vi gler oss til å sleppe fri og møte andre menneske. Det er ei oppmuntrande, søt historie om fellesskap, og den gir næring til tanken på at vi ein gong skal få komme ut av huset igjen, ein gong skal vi få lov til å kose oss med god mat saman med andre. Du kan òg bli inspirert til å bruke tida til å koke kraft og å gjere reint i huset. 

174,50 kr 379,00 kr