Maria Parr: Fem tips til høgtlesing for barn

Maria Parr: 

Fem tips til høgtlesing for barn

Når ein samlar seg om høgtlesing, minner det om ein ursituasjon som menneska har søkt mot til alle tider. Høgtlesing er å dele noko, det gjer litteraturen til noko som skjer, og det skaper felles referansar. Her kjem fem tips til bøker som vaksne og barn kan ha glede av saman i tida som kjem! 

Ingunn Thon
Ollis

Vil de le godt saman, og kanskje gråte litt, og så le igjen? Då tenkjer eg de bør helse på ti år gamle redde, tøffe Ollis og bestevenninna Gro. Dei som oppdagar ei gul postkasse midt i tjukkaste skogen og innser at kvardagen er så mykje meir enn han ser ut til å vere. Og innimellom friske kraftuttrykk og mykje komikk ligg den såre historia om å plutseleg kjenne seg framand i eigen familie og lengte tilbake til tida då ein fekk ha mamma for seg sjølv. 

124,50 kr 249,00 kr

Johanna Spyri
Heidi

Det finst klassikarar i barnelitteraturen òg. Heidi av Johanna Spyri, første gong utgitt i 1881, er ein slik. Historia om den foreldrelause Heidi som hamnar hos den folkeskye bestefaren høgt i dei sveitsiske alpane, fascinerer framleis. Og når vesle Heidi blir rykt ut av kvardagen og send til Frankfurt som selskapsdame for den sjuklege jenta Klara, så kjenner ein heimlengten hennar like godt som ein må ha gjort for over 100 år sidan. Denne utgåva er ein oppdatert versjon av Halldis Moren Vesaas si klassiske omsetjing frå tysk, og med illustrasjonar av Tonje Strøm. 

124,50 kr 249,00 kr

Ragnar Hovland
Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen 

Kva er ei leike som ingen leikar med lenger? Og kva gjer leikene våre når ingen ser dei? Dette evige, dragande spørsmålet er ikkje eit ukjent tema i barnelitteraturen. I Ragnar Hovland si bok Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen frå 2003 bestemmer kosedyra Alfred og Samuel seg ein morgon for å gå ut og leite etter Ole Martin, han som ein gong brukte å ta dei med i senga. Kvar i all verda er han blitt av? Og kva med denne Gerhardsen, kvar er han? Dette er ein klassisk Hovland-tekst, og meir treng ein vel ikkje seie? 

124,50 kr 249,00 kr

Janosh 
Med tigeren og bjørnern til Panama

Det går ikkje an å lage ei liste over gode høgtlesingsbøker utan å ta med forteljingane til Janosch om tigeren og bjørnen. Mange hugsar dei to vennene, som la av stad mot Panama og paradiset og enda opp heime etter å ha gått i ring. Men har de høyrt den skakande historia om då den vesle tigeren forlet bjørnen og kasta seg inn eit dekadent liv saman med den vesle grisen? Denne og fleire perler (for svin) finn de i samleverket Med tigeren og bjørnen til Panama, omsett frå tysk av smått legendariske Hanna Midtbø. 

175 kr  349,00 kr

Hilde Myklebust
Bjørkebokstavar

Høgtlesing dreier seg ikkje berre om romanar! Få skildrar bandet mellom barneliv og natur så vakkert som Hilde Myklebust. Å lese diktsamlinga Bjørkebokstavar er ei sanseleg oppleving for både store og små. Den vaksne blir mint på korleis livet var då ein levde høgt oppe i trea og ein meter nærare bakken, og dei små møter utekvardagen i varme, enkle strofer:  

Mor ropar frå trappa:

No kjem du deg ned!

Men ho veit då vel

like godt som meg

at dette er ei hengebjørk

E-BOK 159 kr 179 kr