Siri Helle sitt forsvar for praktisk arbeid

Tekst av Siri Helle

Foto: Privat og Frode Grimelid

«Om du tvilar på at du kan bygge din eigen utedo, kan du byrje med å verte med meg å bygge min.»

Kvifor skriv ei ung, teoristerk dame med skrivebordsjobb ei bok til forsvar for praktisk arbeid? 

For nokre år sidan var eg om lag tretti år, hadde jobb i media, eit skarpt hovud og alle sjansar i verda til å ta lange, avanserte utdanningar. I tillegg budde eg i eit land der så å seie alle seier at nærast alle dører er lukka utan høgare utdanning. 

Likevel gjorde eg det heilt motsette: Eg tok ei praktisk jordbruksutdanning på vidaregåandenivå. Og der, blant sta geiter, gaflar tunge av høy og famlande motorsaging, fann eg det eg ikkje visste eg hadde sakna: Arbeidsgleda. Meistringskjensla. Ei glede i å få bruke heile meg.  

Eg vart ikkje bonde (enno), men skaparkrafta som var vekt i meg, var vanskeleg å stogge. Difor byrja eg å bruke hytta eg nokre år tidlegare hadde arva etter far min, som hadde arva ho etter far sin: Ei ordentleg hytte var det, ei sånn utan vatn og straum – ein gong hadde ho vore ordentleg på fjellet òg, med utsikt. Det er ho ikkje lenger. For farfar gjorde som alle skulle gjere etter krigen: Han planta gran.                        

Foto: Frode Grimelid

No har grana vorte vaksen. Det er på tide å få ho ned.     

Kan det vere ein jobb for meg? Motorsaga var, etter ein god del redsle, ein av reiskapane eg kjende eg meistra etter jordbruksskulen. Eg fekk dei små trea ned. Jobba meg rundt det digre, heilt til eg ikkje kunne vike unna lenger: Eg måtte gjennom den store, tunge grana for å kome vidare. 

Meistringskjensla då treet fall, sit i meg enno. Og etter som tømmerhaugen framfor hytta vaks, vaks òg ambisjonane: Kunne eg, som aldri har hatt noka kjensle for treverk, som knapt veit bak og fram på ein drill, skape dette energirike treverket om til noko eg trong? Til ein enkel, langt frå perfekt, men fullt fungerande utedo?

Eg måtte prøve. På mange måtar gjorde eg det ikkje enkelt for meg sjølv, for eg valde å bygge han med lokale materialar: einebuskar og mine eigne grantre. Og ja, det vart vanskeleg, men meir for hovudet enn for kroppen. Det vanskelegaste var å erkjenne at det vart utfordringar, at eg kom til å mislukkast innimellom, at resultatet ikkje kom til å verte perfekt – fordi eg aldri hadde gjort det før. At eg måtte få lov til å vere dårleg fyrst, prøve igjen og verte betre. 

Foto: Frode Grimelid
Foto: Privat

Det er så sjølvsagt, men likevel så langt unna for så altfor mange av oss: Kor mange let vere å reparere sykkelslangen, byte dekk på bilen, skifte glidelås på buksa, fordi vi trur vi ikkje kjem til å få det til? Kor mange av oss skulle ynskje vi kunne, i alle fall berre litt, fleire av alle dei små, praktiske oppgåvene som omgjev oss i kvardagen? Skulle ynskje vi var bitte litt meir sjølvforsynte? Snik oss innom eit aldri så lite småbruk-søk på finn.no frå sofakroken? 

Eg trur vi er ganske mange som skulle ynskje vi klarte meir sjølve. Eg trur òg vi bur i eit samfunn som aktivt held oss ifrå det – eit samfunn som ikkje berre er bruk og kast og tidsklemme, men der vi òg i løpet av ganske få år har gått frå å vere produsentar til konsumentar, frå skaparar til tenkarar, frå praktikarar til teoretikarar. Ei ganske stor endring. Ein kan til og med seie ho er altomfattande.  

Mellom einekvistane og grantrea mine vaks utedoen fram, og med han kom medvitet. Eg les samfunnet gjennom hendene mine. Korleis dei vert nedvurdert, forklarar så mykje – frå fråfall i skulen til stressa jenter til tomme bygder og flukt frå praktiske yrke, om ein ser slik på det. 

Eg ser slik på det. 

Eg meiner alle har rett til å få bruke heile seg. Og alle, det inkluderer teoristerke jenter – som har minst like mykje bruk for å utvikle sine praktiske ferdigheiter som alle andre. 

Om du tvilar på at du kan bygge din eigen utedo, kan du byrje med å verte med meg å bygge min.

God lesnad!

Foto: Privat
Foto: Frode Grimelid

Siri Helle: Med berre nevane. Eit forsvar for praktisk arbeid

Dette er ei historie om å bygge eit lite, men heilt nødvendig hus på eiga hand og kjenne ei intens meistringsglede over å gjere ting sjølv. Siri Helle arva ei hytte på 25 kvadratmeter, utan straum og utan innlagt vatn, og utan utedo. Utedoen bestemte ho seg for å lage sjølv, litt som ein protest, men mest for å finne ut om ho kunne.

På vegen tilbake til sine eigne hender lét Siri Helle seg inspirere av andre menneske som på ulike måtar finn glede, meining og i nokre tilfelle levebrød i å skape med hender og kropp. Dette er ei forteljing om praktisk arbeid og intens meistringsglede.