Agnes Ravatn: Familiens krisepakke

Agnes Ravatn: 

Familiens krisepakke

Til dei vaksne

Siri Økland
Det står til liv

Lakonisk, klart og klokt, men òg vakkert om alvorleg sjukdom, om å skulle døy lenge før tida og om kor stort og umisteleg livet er. Til kvar korttekst står eit foto som er teke av forfattaren sjølv, og som gjer rommet for refleksjon endå større.

149,50 kr 299,00 kr

Nils Henrik Smith

Austerrike
 

Ei perle i skjeringspunktet mellom krim og politisk roman. Forteljarstemma tilhøyrer ein ung og upåliteleg jurist som sit i avhøyr, uvitande om kva han er mistenkt for. Denne gåtefulle og stilsikre kortromanen er Smiths andre roman etter den prisvinnande debuten Manhattan Skyline, og befestar posisjonen hans som ein av dei beste unge forfattarane me har. 

174,50 kr 349,00 kr

Rønnaug Kleiva                                
Western Desert

Rønnaug Kleiva av beste merke (og alt av Rønnaug Kleiva er for så vidt av beste merke). I desse novellene held ho fram med å utforske og skildre illusjonslause mellommenneskelege — og attkjennelege — relasjonar, anten det er mellom foreldre og barn eller mellom ektefeller, alt i den korthogde, nøkterne stilen som pregar alle bøkene til ein av favorittforfattarane mine.  

189,50 kr 379,00 kr

Brit Bildøen

Sju dagar i august
 

Åtte år er gått sidan Sofie og Otto mista ei dotter under terroråtaka i Oslo og på Utøya. Sofie er avdelingssjef på den nye Munchmuseet, mens Otto driv ei veldedig foreining for romfolk. Over ei veke møter me dei i den daglege sorga, i eit Oslo prega av forfall, der ekstremvêret herjar. Smart, vart og viktig frå ein forfattar som berre blir betre og betre. 

179,00 kr

Arild Rein                                
Stavangertrilogien

Kva rører seg no eigentleg i den oljemarinerte, perverterte pietismehovudstadens underverd? I denne utgivinga er dei tre bøkene Kaninbyen, Grisekoret og Hundedagar samla og sikrar timevis med samfunnssatirisk, bitande og hardkokt underhaldning signert ein av landets mest interessante forfattarar — særleg for dei som ikkje synest det er så nøye at det står anten pikk, faen eller begge delar i annakvar setning.  

99,00 kr 199,00 kr

Til borna (1-6 år)

Dette er dei mest isundlesne bøkene i vår heim. Og det seier mindre om kvaliteten på innbindinga enn det gjer om kvaliteten på innhaldet. I desse bøkene har du månader med lesestoff og kos, dersom du er stuck i heimen med ein søskenflokk i barnehagealder. 

Max Velthuijs                                
Den store boka om frosken og
vennene 

I denne svære boka er heile seks bøker om den litt forsiktige og svært sjarmerande frosken samla. Framandfrykt, forelsking og redsle er berre nokre av kjenslene som oppstår når personlegdommane til Frosken, Grisen, Haren og Anda kolliderer og ein interessant dynamikk oppstår.  

305,00 kr 349,00 kr

Odd Nordstoga (red.)

Song for deg og meg
 

Spenn fast ungane, dra fram gitaren (og stem han) og dykk ned i denne perfekt komponerte viseboka redigert av Odd Nordstoga. Her finst eit knippe av Nordstoga sine finaste songar saman med eit stort og variert utval folkeviser, nyare viser og songar alle kan og bør kunne — i tillegg til nydelege illustrasjonar av Inger Lise Belsvik. 

149,50 kr 299,00 kr

Rotraut Susanne Berner

Vår-Vrimlebok

Dei fire vrimlebøkene er svært populære heime hos oss. Me har antakeleg brukt eit år til saman på å følgje flukta til papegøyen Niko gjennom byen, rørslene til den mystiske Oskar jr. som ber rundt på ei gås, politiets jakt på syklisten utan lys i sykkellykta, det første møtet mellom den joggande pensjonisten Anders og den sjarmerande hundeeigaren som endar i ei romantisk reise til Paris, og ein million andre hendingar gjennom fire årstider. 

149,50 kr 299,00 kr

Janosch

Med tigeren og bjørnen til Panama
 

Dei fleste har vel eit forhold til desse to sambuarane, der den eine er rasjonell, omtenksam og løysingsorientert, og den andre er impulsiv og litt krevjande, men gjer livet rikare. Dei seks historiene om bjørnen og tigeren som er samla her, kan lesast igjen og igjen, og illustrasjonane kan nytast i fulle drag. 

175,00 kr 349,00 kr

Barbro Lindgren og Eva Eriksson

Den store boka om Den ville ungen

Dei fire vrimlebøkene er svært populære heime hos oss. Me har antakeleg brukt eit år til saman på å følgje flukta til papegøyen Niko gjennom byen, rørslene til den mystiske Oskar jr. som ber rundt på ei gås, politiets jakt på syklisten utan lys i sykkellykta, det første møtet mellom den joggande pensjonisten Anders og den sjarmerande hundeeigaren som endar i ei romantisk reise til Paris, og ein million andre hendingar gjennom fire årstider. 

149,50 kr 299,00 kr

Til heile familien

Martin Johansson           
Enklare brød 

Mjøl og gjær har du heilt sikkert allereie hamstra, med lett nedslått blikk og brennande kinn, men kva no? Her er det berre å dra fram brødformene og forkledet og skride til verket. I denne bakeboka får du ei mengd brødoppskrifter, som alle har til felles at dei er eltefrie, enkle og gode. La heimen fyllast av lukta av nysteikte brød blanda med den gode kjensla av sjølvberging på overkommeleg nivå.  

174,50 kr 349,00 kr

Camara Lundestad Joof

Eg snakkar om det heile tida
 

Eg tilrår heile Norsk røyndom-serien, men denne boka gjer spesielt sterkt inntrykk. Kva er vel betre enn å nytte karantenetida på å lese ein råkande, poetisk, vond og nyttig sidevendar om den norske kvardagsrasismen du trudde du ikkje var ein del av? 

99,00 kr 199,00 kr

Olav H. Hauge           
Dagbok 1924–1994. I Utval

La deg inspirere av meisteren av «eg skriv dagbøker og let som dei absolutt ikkje er meint for offentlegheita, men sørgjer samstundes for at dei står framme, pent ordna i ein kassett, med forslag til ISBN-nummer, når eg døyr»-sjangeren! Hauges kloke og morosame dagbøker gir eit unikt innblikk i den indre og ytre verda til alles favoritteplebonde, men gir òg sterk lyst og trong til å skrive karantenedagbok sjølv.   

174,50 kr 349,00 kr

Anne Gunn Halvorsen

Livet og korleis leve det
 

Populærvitskapleg, nyttig og morosamt om ja, korleis ein faktisk skal leve dette livet ein på eit tidspunkt ramla inn i, og der mangelen på konsekvente og fornuftige råd er skrikande. Utnytt situasjonen til å få skikk på livet ditt! (I desse dagar kan òg Stress av same forfattar vere ei god investering.) 

174,50 kr 349,00 kr

Randi Fuglehaug           
Alt vel med mor og barn: Historier om fødsel

Tankane mine går for tida blant anna til dei tusenvis av kvinnene som skal føde barn i løpet av våren. I denne boka, som samlar 46 fødehistorier, er moralen at det kan gå svært bra, trass i eit litt halvdårleg utgangspunkt, til dømes å skulle føde fastbunden i eit helikopter.

189,50 kr 379,00 kr