Lars Mæhle: Boktips for ungdom

Lars Mæhle: 

Boktips for ungdom

Fantasiunivers, spenning, hemmeleg grums og klassikarar. Her får du Lars Mæhle sine beste boktips for ungdom.

To fantasy

Lene Kaaberbøl
Skammarens dotter

Knallbra dansk fantasy som òg er filmatisert. Lene Kaaberbøl debuterte som forfattar allereie som 15-åring. Etter det har ho gitt ut mange bøker, både for barn, ungdom og vaksne. Ho er ein svært god historieforteljar. Språket og historiene hennar flyt så fint av garde. Fleire av bøkene hennar er lagde til eit fantasiunivers, som Skammar-serien og Villheks-serien.

Fun fact: Kaaberbøl bur på den engelske kanaløya Sark, der det berre er 476 innbyggjarar – og der det er forbode med bilar.

89,50 kr 179,00 kr

Asbjørn Rydland
Galderstjerna

Det er litt overraskande, men vinnaren av Uprisen – der ungdom sjølve stemmer fram årets favorittbok – har svært ofte vore ein nynorskforfattar. Sist gong det skjedde, var då Asbjørn Rydland vann med Galderstjerna i 2017. Det var særdeles fortent. Boka er basert på ein svært fascinerande idé, nemleg at ei dataspelverd glir over i den verkelege verda. Oppfølgjaren, Draumsende, har eg framleis ikkje lese. Men kjenner eg Asbjørn Rydland rett, er også den boka veldig god.

99,00 kr 199,00 kr

To oppvekstskildringar

Linn T. Sunne
Happy

Noko av det vanskelegaste som finst for ein forfattar, er å skrive ei heilt enkel historie som gjer stort inntrykk på lesaren. Det gjer denne Bragepris-vinnande ungdomsromanen. Happy (2007) var elles ei av dei første bøkene som tok opp temaet mobbing på mobil og i sosiale medium. Og framleis er ho vel ei av dei beste forteljingane om dette emnet.

125,00 kr 249,00 kr

Sunniva Relling Berg 
Utfor

Det finst mange ungdomsromanar der hovudpersonen flyttar til ein ny stad. Ikkje alle er like gode. Men denne er god! Boka handlar om Lea som flyttar til ei lita øy ute i havgapet. Utfor (2011) var Sunniva Relling Bergs debut, og ho var berre 23 år den gongen. Likevel er historia svært modent fortald. Ikkje minst er portrettet av det vesle og klaustrofobiske samfunnet godt skrudd saman. Det er ein stad der alle kjenner alle, men samtidig held menneska mykje hemmeleg grums skjult. Både Happy og Utfor skildrar flott – og sårt – innanfor/utanfor-tematikk i dei tidlege tenåra.

89,50 kr 179,00 kr

Spenning

Tor Arve Røssland
Glimt

Røsslands grøssar Svarte-Mathilda (første bok i serien) er truleg ei av dei mest lesne nynorskbøkene, uansett sjanger, dei siste ti åra. Ikkje minst fordi boka er mykje brukt som pensum på ungdomsskulen. Det same er den kanskje aller beste boka hans, Glimt. Røssland er den forfattaren som er nominert flest gonger (fire) til ungdommens eigen litteraturpris, Uprisen. Det seier i grunnen alt. Røssland er ein usedvanleg flink spenningsforfattar, som veit korleis ein skal treffe målgruppa midt i lesehjartet.

89,50 kr 179,00 kr

Og til sist

Ragnar Hovland
Ein motorsykkel i natta

Ein klassikar. Kort og godt.

89,90 kr 179,00 kr