Saman er ein mindre aleine: roman
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Saman er ein mindre aleine: roman

Omsett frå fre
Anna Gavalda (f. 1970) kom inn i det franske litterære landskapet som ein friskt pust då ho debuterte i 1999. i. Saman er ein mindre aleine har vore på bestseljarlistene i Frankrike i over eitt år. Boka er også omsett til fleire språk. Romanen er ei stor og medrivande forteljing om fire menneske, Camille, Philibert, Franck og Paulette, som av ulike grunnar kjem til å møtast. Det er ein kjærleiksroman, ein roman om livet, om relasjonar og kokkekunst. Det heile går føre seg i området rundt Eiffeltårnet i Paris. Omsett frå fransk av Tove Bakke.
350,00 kr
Sider
611
Utgivingsår
2005
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252164756
Anna Gavalda
Om forfattaren

Anna Gavalda

(f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene da ho kom ut i Frankrike.