Eg elska ho: roman

Skjønnlitteratur

Eg elska ho: roman

Omsett frå fre
Gjennom denne tilståinga frå ein mann i eit kjøkken ei natt, uttrykkjer Anna Gavalda vår tvil og vår svakheit, det handlar om livet slik det er. Fordi ho er ulykkeleg, bestemmer svigerfaren seg for å ta henne med på landet. Fordi ho ikkje vil ete, bestemmer han seg for å lage mat til henne. Fordi ho ikkje sluttar å gråte, går han i kjellaren etter ei flaske god vin. Det blir seint og tid for oppbrot. Men dei blir sitjande. Han begynner å snakke. For første gong fortel han nokon om seg sjølv, om livet sitt, om ho han ikkje kunne få. Tove Bakke, som har omsett boka frå fransk, har gjenskapt Anna Gavaldas univers med stor språkleg presisjon og litterær innsikt. Frå bokmeldingar «Svært intens» Jorid Mathiassen, Bok & Samfunn «Absolutt lesverdig og original» Birgitte Eek, Elle «Språket er friskt og direkte (...) en gripende liten bok.» Anne Cathrine Straume, NRK
329,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252187847
Anna Gavalda
Om forfattaren

Anna Gavalda

(f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene da ho kom ut i Frankrike.