Skjønnlitteratur

Livet, til det betre: Mathilde, Yann, Billie : tre portrett

Omsett frå fre
Mathilde. Yann. Billie. Tre historier. Tre unge menneske i dagens Frankrike, som alle endrar livet sitt etter eit tilfeldig møte med ein framand. Alle er dei bestemte og tapre og vil heller satse og risikere å feile enn å leve middelmåtige liv. Mathilde har kutta ut kunsthistoriestudiet og teke ein jobb ho ikkje liker, Yann jobbar som seljar, men drøymer om noko heilt anna, og Billie, som veks opp i ein heim utan kjærleik, oppdagar ein dag at vennskap finst. Alle som lét seg begeistre av Saman er ein mindre aleine, vil kjenne seg igjen i det fargerike språket, den kjappe humoren og den store medkjensla. Endå ein gong har Anna Gavalda, som har forført mange lesarar over heile verda, funne den fine balansen mellom sorg og glede. Tove Bakke, som har omsett boka frå fransk, har gjenskapt Anna Gavaldas univers med stor språkleg presisjon og litterær innsikt. Frå fransk ved Tove Bakke.
249,00 kr
Sider
441
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252193985
Anna Gavalda
Om forfattaren

Anna Gavalda

(f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene da ho kom ut i Frankrike.