InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Eg er eg er eg er: dikt for barn

9–12 år
Nominert til Brageprisen og Kritikarprisen 2016. Gjennom trettini dikt skildrar «Eg er eg er eg er» korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung. Brageprisvinnar Ruth Lillegraven som har fornya samtidslyrikken for vaksne, viser med «Eg er eg er eg er» at ho verkeleg er ein forfattar som også unge lesarar vil få stor glede av. Samlinga er illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen. Design: Torill Stranger, Stranger Design.
329,00 kr
Sider
55
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252190137
Ruth Lillegraven
Om forfattaren

Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger der ho no er busett. Ho debuterte som forfattar i 2005 og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. Lillegraven er mest kjend for diktsamlingane sine, men har òg skrive ein roman, eit skodespel og ein psykologisk thriller, i tillegg til biletbøkene om Mari og Magnus.

I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. To år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne (2018), som blei nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok. Begge desse bøkene er illustrerte av Mari Kanstad Johnsen. Ruth Lillegraven har også skrive Klodeklubben, ein detektivserie for barn om klima og miljø, illustrert av Jens Kristensen. Klodeklubben er ein internasjonal suksess, og rettane er selde til Sverige, Danmark, Polen og Færøyane.