InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Skogen den grøne: dikt for barn

6–9 år
Nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok. Diktsamling for barn av prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven. høyr! kviskrar stien hausten spring gjennom skogen stel sommaren og kjem med vinteren og sjå! gule lauv ligg og lyser på bakken det er gullmyntar som hausten har strøydd ut Kva skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti inn i skogen den grøne? Korleis kan ei bjørk likne ei jente som prøver å riste vatn ut av håret? Og kva med skodda som kjem som huldrepust? Og elgen som flyt i det botnlause tjernet, søkk han heilt ned til Kina? Som i den Bragepris-nominerte diktsamlinga «Eg er eg er eg er» skriv Ruth Lillegraven med finkjensle for dei små detaljane. I «Skogen den grøne» følgjer vi eit barns undrande blikk på det som lever og hender i naturen rundt oss. Lillegraven tek den unge lesaren med inn i skogen - og inn i poesien. Boka er vakkert illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen.
329,00 kr
Sider
61
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252196870
Ruth Lillegraven
Om forfattaren

Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger der ho no er busett. Ho debuterte som forfattar i 2005 og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. Lillegraven er mest kjend for diktsamlingane sine, men har òg skrive ein roman, eit skodespel og ein psykologisk thriller, i tillegg til biletbøkene om Mari og Magnus.

I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. To år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne (2018), som blei nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok. Begge desse bøkene er illustrerte av Mari Kanstad Johnsen. Ruth Lillegraven har også skrive Klodeklubben, ein detektivserie for barn om klima og miljø, illustrert av Jens Kristensen. Klodeklubben er ein internasjonal suksess, og rettane er selde til Sverige, Danmark, Polen og Færøyane.