Notat ved avgrunnen. Ei mors forteljing

Notat ved avgrunnen

Av Ellen Kristvik


Johanna, dottera mi, vart fødd 7. november 1992. Det er det største som har hendt meg. 

I nesten 25 år var ho ein vedunderleg og forunderleg del av kvardagen min, før det brått tok slutt.  

I likskap med dei 593 andre som døydde på den måten det året, tok Johanna sitt eige liv.

Den aktive handlinga for å gjere slutt på alt, er det som er felles for menneska bak desse tala. Elles handlar det om 593 menneske som alle har sine eigne, særprega og unike historier. 

Eg har skrive om ei av dei – ho eg fekk bli mor til, og som var mitt aller nærmaste og kjæraste menneske.

Det er ei sundriven historie, ei historie som vart smadra då eg mista henne, og dermed mista ankerfestet i livet mitt. 

Eg har kalla det notat – notat ved avgrunnen.

Johanna har sett spor etter seg. Djupe spor, ikkje berre i meg.

Ho var del av eit miljø der vennskap står sterkt, og der ho sette sitt tydelege preg

Johanna var ein aktivist. Og ho tok aktivt i bruk den store interessa ho hadde for teikning og trykk. 

Saman med andre husokkupantar i Brakkebygrenda, Hoffskreddermesterens Villa, Husmannsplassen Enga og fleire andre bustadsprosjekt, kjempa ho for ein meir human og inkluderande boligpolitikk. Det vart slått hardt ned på, og dei gav seg ikkje. Gong på gong mobiliserte dei kring draumen om ei alternativ livsform.

Det bu-økologiske prosjektet Brakkebygrenda som var heimen til Johanna og kjærasten hennar i to og eit halvt år, vart jamna med jorda, trass den iherdige innsatsen for å få bli. Johanna var ikkje blant dei som flytta ut då det vart meir og meir tydeleg at slaget var tapt. Men ho kom til meg med dei spirene dei hadde planta, for å redde dei unna bulldosarane. 

Få dagar seinare slo politiet til. 

Kampen for eit rausare samfunn inkluderte også innsats som frivillig medarbeider i den anarkistiske radiostasjonen radiOrakel. Kritikk av den gjeldande asylpolitikken var eit sentralt fokus der.  

Engasjementet for flyktningar og asylsøkjarar manifesterte seg også i konkret og praktisk innsats i saka til einskildmenneske ho vart kjend med. 

Den siste sommaren ho levde, var ho med på å bere vatn ut i ørkenen i Arizona, til dei som tok seg over grensa frå Mexico. Lukkeleg og stolt skreiv ho til meg derifrå.

Ho omfamna livet på så mange måtar. Var dj ved mange høve. Seinast på jubileumsfesten til radiOrakel, den siste helga ho var i live.

Ho var utruleg sterk. Og ho var sårbar og skøyr. Tålte ufatteleg mykje, når ho fann meining i det ho gjorde. Noko rakna alvorleg for henne når ho kjende at meininga forsvann.

Tidvis sleit ho med tungsinn og angst. Ho kjempa seg ut av det, gong på gong. Til den siste omgangen, då ho til slutt ikkje orka meir.

 Kunne vi ha redda henne? Var det teikn der som vi skulle forstått? Det spørsmålet heimsøker meg. Eg tumlar med det i den boka eg har skrive, og nøstar på dei trådane eg finn. Sikkert svar finn eg ikkje.  

Eg har skrive mi forteljing, stykkevis og delt som den er. Johannas forteljing har vi ikkje tilgang til. Ho har sørga for ei definitiv grense for kva det er mogleg å spørje henne om.

Det vi kan, er å la minnet om Johanna skjerpe oss på korleis vi tar vare på det vi har. Kva kår vi gir til dei som slåst for ei anna verd. Kva det er vi tilbyr dei som kjempar med tungsinn, depresjon og angst. Korleis vi lever med det skøyre i oss sjølve og i kvarandre.

 

Sigri Sandberg (Foto: privat)

Ellen Kristvik: Notat ved avgrunnen. Ei mors forteljing

Ellen Kristvik har opplevd ein forelders verste mareritt. To veker før dottera Johanna fylte 25 år, tok ho sitt eige liv. Kristvik miste sitt einaste barn. I Notat ved avgrunnen blir vi kjende med mor og dotter. Lesaren får glimt inn i livet til ulike tider: i barnehagen, på skulen, heime og med venner. Vi møter åleinemora og dottera, men òg den sørgjande mora som desperat prøver å forstå det som skjedde. Korleis kunne den høgt elska dottera hennar ta sitt eige liv?

Kristvik vekslar mellom nakne uttrykk for sorga, glimt frå tida før det katastrofale tapet og forteljingar om korleis etterlatne søkjer hjelp til å leve vidare.

Dette er ei rystande bok om eit vanskeleg og langt på veg tabuisert tema. Mellom 500 og 600 menneske døyr i sjølvmord her i landet årleg. Talet er stigande.