Intervju: Lyst og lett frå Jon Fosse

lyst og lett frå jon fosse

av Cecilie Seiness


Humor vil eg helst sleppa, men eg håpar eg her og der klarer å skriva ufrivillig komisk, seier Jon Fosse. Han er klar med romanen Vaim og nytt skodespel til Den internasjonale Fosse-festivalen


Fossefestivalen opnar med lanseringa av romanen Vaim, den første romanen Fosse gjev ut etter han fekk nobelprisen i litteratur hausten 2023. Vaim er den første boka i ein serie på tre. Hausten 2026 kjem Vaim Hotell og hausten etter Vaim Vekeblad.  

 Kva er Vaim, Jon Fosse?

 – Det er eit ord ein kjenning av meg brukte ein gong. Folk frå Vadheim kallar seg vaimingar og dei kallar plassen Vaim. Eg synest ordet har ei kraft og ein forunderleg sugande lyd i seg. Eg sparte på ordet og tenkte at eg ein gong i livet skulle bruka det som ein tittel.

Kva verd er det du tek oss inn i?
 – Vaim er ei soge som går føre seg på ein fiktiv plass på Vestlandet som eg kallar Vaim. Vaim er ein liten tettstad med ein butikk, eit hotell, ein liten avisredaksjon, ein kai og ein kafé. Tida er ubestemt, men det er kanskje tretti–førti år sidan, gamle dagar, slik eg hugsar gamle dagar. Eg byrja på soga medan eg sat og venta på dotter mi som var på franskkurs. Eg er godt nøgd med Vaim-soga. Eg likte typane, plassen, universet, det var kjekt å vera der. Difor ville eg skriva meir.

Handlinga blir sett i gang av eit slags problem? 

 – Ein av hovudpersonane, Jatgeir, er ungkar. Kvar sommar tek han seg ein tur til Bjørgvin med snekka si. Jatgeir må ha eit påskot for å ta seg ein tur. I soga finn han ikkje att nål og tråd. Prosjektet hans er å få kjøpt det. Då han var yngre reiste han til byen, drakk og rangla, men no byrjar han å bli gammal og det er ikkje same stasen med det meir.


Småverk
Dei tre bøkene frå Vaim heng saman gjennom plassen Vaim, men det er ingen trilogi.

 – Septologien er i sju delar som heng saman. Ein må lesa alt for å få heilskapen. Men Vaim-sogene blir du korkje klokare eller dummare av om du les alle tre.

Du held deg der vest. Det er strilar og sogningar og byfolk det handlar om?

 – Ja, det er som alltid hos meg eit vestnorsk landskap. Eg har min vestnorske bakgrunn. Eg er sjømann, voks opp ved ein fjord og eit hav, i Strandebarm og dels på Karmøy. Eg har hatt båt sjølv i mange år. Eg brukar det eg kan noko om. Og eg skriv på den høgt elska nynorsken min, ein tradisjonell nynorsk, ikkje dialektnært, men normert nynorsk der eg gjerne tek inn gamle ord.

Dette er det første verket du gjev ut etter nobelprisen. Det siste mange las, er storverket Septologien. Det er eit sprang frå Septologien til Vaim?

– Dette er ikkje noko storverk, det er eit småverk! Om eg kan seia det slik. Eg ville ikkje på noko vis konkurrera med meg sjølv. Vaim-sogene har ein heilt annan klang enn Septologien. Dei er på eit vis mindre ambisiøse, ikkje dårlegare, men noko anna. Dei har ei lettare og lysare stemning. Det passar godt at det kjem noko slikt som dette etter alt alvoret og etter nobel. Litt som eit slags svar på Septologien kanskje.

 Her er humor også?

– Humor vil eg helst sleppa, men eg håpar eg her og der klarer å skriva ufrivillig komisk. Det er genuint, ærleg, heilt oppriktig. Går ein etter humor, så blir det noko anna. Humor er tilgjord og masa fram. Eg kan sjå komikk i Vaim, men det meiner eg det har vore i alt eg har skrive i mange år. Eg er ein tragikomisk diktar. Så langt eg skjønar, men eg skjønar lite. I alle fall om meg sjølv.


Vending

På festivalen er det også urpremiere på det nye teaterstykket Skodespelet. Eit godt vakse par har kome fram til ein kai med koffertane sine. Dei skal på båttur og har gledd seg, men kaien er underleg liten, det er lite folk å sjå, og kvifor kjem det ikkje nokon båt? Eit ungt par ventar også. Ein skodespelartrupp dukkar opp. Dei vil spela eit stykke for dei ventande og får med seg både den vaksne og den unge kvinna som skal på båttur. Det utspelar seg eit sjalusidrama der på kaien. Liv og dikting blir surra saman.

Du gjer ei vending med Skodespelet. Dette er noko anna enn det du har skrive tidlegare?  

– Ja, Skodespelet det er også noko for seg. Eg trur kanskje det er noko av den same vendinga som skjer i Skodespelet som i Vaim. Historiene har ikkje noko med kvarandre å gjera, men kanskje stemninga kan minna litt. 

Det er snart to år sidan du fekk nobelprisen. Kva er det beste med å ha fått nobelprisen?

– Det er å ha fått prisen! Det var tyt og mas om denne prisen i bortimot tjue år. Det er godt å vita eg slepp det denne hausten. Og at eg heilt sikkert slepp styret med å reisa til Stockholm for å ta imot pris. Det er ein stor lette. På ein måte er prisen altfor mykje å tenkja på og leva med. Og altfor stor for meg. Difor tenkjer eg lite på han. Eg prøver å leva som før. 

Kva er det aller verste med prisen?

– Det verste er alle invitasjonane. I snitt er det kanskje tre per dag. Det er til litteraturfestivalar her og der. Det er ufatteleg kor mange litteraturfestivalar det er i verda! Og all slags konferansar og styr og stell! Eg svarar nei med få unntak. Eg har fått nokre prisar og æresdoktorat. Då synest eg nesten at eg har måtta reisa for å ta imot. Det har blitt meir reising enn normalt, sjølv om eg seier nei til nesten alt.

Tidlegare har du skildra det som ei lykke å koma inn i den flyten som skrivinga er. Er det framleis slik etter nobelprisen?

– Ja, ikkje mindre, kanskje til og med endå meir. Eg har alltid sagt at eg skriv for å koma vekk frå meg sjølv. Trongen til å koma vekk frå meg sjølv har ikkje blitt mindre etter nobelprisen. Det er jo dobbelt med skrivinga. Det er godt å koma inn i skrivinga, men så er det å skriva ein roman som Vaim også eit løft. Det krev sitt å gjera det igjen og igjen. Samtidig er det også veldig gjevande for meg når eg får det til, når det skriv seg sjølv. Men eg er ikkje glad i å gje det ut. Det kunne eg tenkja meg å slutta med. Det er sant! Sjølve publiseringa gir meg inga glede lenger.

Men når folk har lese og fortel kva det har betydd for dei, er ikkje det ei god oppleving?

– Jo, visst er det det! Det kan vera både gripande og rørande. Ein del sender brev og e-postar og fortel om kva dei har fått ut av tekstane mine.

Jon Fosse vil leva som før og avgrensar seg difor så mykje han kan. Han blir truleg ikkje mykje å sjå på festivalen som ber namnet hans, men han får med seg nokre prøver på teaterstykke og møter nokre gjester.

– Me får sjå om eg dukkar opp her eller der, seier Jon Fosse.


Jon Fosse: Vaim

men eg kan vel ikkje be Eline koma om bord i båten no nattes tid, gift kone ho er og alt  Kan eg få koma om bord i båten, seier Eline
Ja, ver velkomen, seier eg
Ver velkomen, tek eg opp att


Jatgeir frå Vaim reiser med snekka Eline til Bjørgvin. Underleg nok får han med seg heim sin ungdoms kjærleik Eline som rømer frå mannen Frank. Vaim er ei forteljing om Eline, Jatgeir og Frank, snekker og sjarkar, kjærleik og død, føyelege menn og ei uvanleg viljesterk dame. Vaim er fyrste av tre romanar knytte til den oppdikta staden Vaim.

Jon fosseVaim