Vil du skrive lydseriar?

Vil du skrive lydseriar?

Samlaget og Fabel er på jakt etter vår neste lydserie – og kanskje er det du som skal skrive han? No har du sjansen til å bli ein del av vår nye satsing. Er du forfattar, manusforfattar – eller har du rett og slett eit godt språkøyre og ein god penn? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Vi ønskjer oss sterke forteljingar innanfor krim, dokumentar, skjønnlitteratur eller barnelitteratur, og alle som brenn for å skrive drivande gode historier, er hjarteleg velkomne til å sende inn manus. Det er mogleg å levere manus på nynorsk eller bokmål.


Kva er ein lydserie?
Ein lydserie er ei forteljing skrive direkte for lytting, som blir produsert med profesjonelle innlesarar og lydproduksjon – og publisert i episodar. Serien kan vere frittståande (med avslutta historie) eller leggje opp til fleire sesongar. Lydserien kan vere: 
– ein spennande krim med cliffhangerar og eit spennande plott
– ein engasjerande dokumentar 
– ei skjønnlitterær historie fortald i episodar
– eller ei barneforteljing med ein fengande hovudkarakter og episodisk struktur Vi ønskjer oss historier som eignar seg godt til lytting, med eit klart språk, ei sterk forteljarstemme og god framdrift i handlinga. Du treng ikkje kunne lydformatet frå før – vi hjelper til med det redaksjonelle og produksjonen om prosjektet blir valt ut. Samlaget husar Noregs einaste nolevande nobelprisvinnar i litteratur, og vi har sterke forfattarskapar som Agnes Ravatn og Maria Parr med mange fleire. Vi gir ut om lag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning. Fabel er ein av Noregs største strømmetenester for lydbøker og lydseriar, og tilbyr eit breitt utval av lydbøker og lydseriar frå både norske og internasjonale forfattarar.

Kva ser vi etter?
Kriterium for innsending: 

 

  1. Ein kort synopsis eller samandrag av handlinga og ei skildring av dei viktigaste karakterane. Ta også med tittel på prosjektet og kva sjanger det høyrer til (krim, skjønn, dokumentar, barn osv.). Skisser kor mange episodar du ser føre deg, og kva lengd kvar episode kan ha. 
  2. Eit manus til ein potensiell lydserie på minimum 15 sider. Manuset skal høyre til ein av desse sjangrane: krim, dokumentar, skjønnlitteratur eller barneforteljingar for aldersgruppa 6–9 eller 9–12 år. Vi er ikkje interesserte i radioteater. Dersom du er usikker på korleis ein skriv manus for lyd, kan du skrive det som ei vanleg forteljing. Det viktigaste er at du skriv godt – og har ein god idé. 
  3. Eit følgjebrev med ein kort omtale av deg sjølv – namn, alder, tidlegare erfaring og liknande.
    Frist for innsending er 15. september 2025.
    Send bidraget ditt til: lyd@samlaget.no

 

Førstepremien er eit arbeidsstipend på 100 000 kroner og ein utviklingsavtale med Samlaget for å realisere prosjektet som ei ferdig lydforteljing. Vinnarserien blir publisert i Fabel. 
Andre- og tredjepremie er på 50.000 og 30.000. Vinnarene blir òg ein del av Samlagets nye lydsatsing saman med erfarne redaktørar og lydprodusentar.

 Merk: Samlaget har rett til å ikkje kåre ein vinnar dersom dei innsende manusa ikkje er av høg nok kvalitet. Stipendet er ikkje forskot på royalty.