men eg kan vel ikkje be Eline koma om bord i båten no nattes tid, gift kone ho er og alt Kan eg få koma om bord i båten, seier Eline Ja, ver velkomen, seier eg Ver velkomen, tek eg opp att
Jatgeir frå Vaim reiser med snekka Eline til Bjørgvin. Underleg nok får han med seg heim sin ungdoms kjærleik Eline som rømer frå mannen Frank. Vaim er ei forteljing om Eline, Jatgeir og Frank, snekker og sjarkar, kjærleik og død, føyelege menn og ei uvanleg viljesterk dame. Vaim er fyrste boka i ein serie på tre romanar knytte til den oppdikta bygda Vaim.