Ylva og villgeitene

Barn og ungdom

Ylva og villgeitene

3–6 år 15 min
Poetisk om modig jente i naturen. Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje aleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. Det same gjer ørna. Ylva oppdagar noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine? «Ylva og villgeitene» er ei forteljing om å prøve å vere modig når nokon treng hjelp, men også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss.
279,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234009594
Hilde Myklebust
Om forfattaren

Hilde Myklebust

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008.

Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande. I Søkk skapar forteljingar frå barndomen, brå minne, segner, overtru og folkeprat ein underliggjande straum av uro mot noko som blir til ei kald røynd. Ramma rundt dikta er forteljinga om ei ung kvinne som mister barnet sitt.

I 2009 gav Myklebust ut biletboka Jon og den lange julenatta, illustrert av Inger Lise Belsvik. I 2020 kom bildeboka Ylva og villgeitene, illustrert av Akin Duzakin. Ungdomsboka Splintra kom ut i 2022 og blei nominert til Brageprisen, til U-prisen, til den tyske litteraturårisen Buxtehuder Bulle, og er valt ut som ein White Raven i 2023. Boka har fått ei rekke gode meldingar.

Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto av Helle Frogner: