Den vesle prinsen
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Den vesle prinsen

6–9 årOmsett frå fre
Elska barnebokklassikar på nynorsk. Antoine de Saint-Exupérys berømte barnebokklassikar, "Le Petit Prince", er ei av verdas mest omsette og lesne bøker. Det finst i dag rundt 300 omsetjingar av boka, som skal vere seld i over 200 millionar eksemplar. Sjølv om det er ei barnebok, er ho like høgt elska av vaksne lesarar. No kjem boka endeleg på nynorsk, omsett av Jon Fosse og med originalteikningar av Antoine de Saint-Exupéry. I "Den vesle prinsen" naudlandar de Saint-Exupéry med flyet sitt i Sahara, der den vesle prinsen plutseleg dukkar opp. Gjennom ein poetisk og filosofisk samtale fortel prinsen om planeten han kjem frå, og reisa på veg til jorda. På ferda har han vore innom ulike planetar, der det blant anna har budd kongar utan undersåttar, ein drankar og ein forretningsmann. Gjennom samtalen med den vesle prinsen går det opp for forfattaren kva som eigentleg er viktig her i livet. Den nynorske omsetjinga til Jon Fosse tar utgangspunktet i originalverket.
329,00 kr
Sider
91
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234002687
AS
Om forfattaren

Antoine de Saint-exupéry

(1900–1944) var ein fransk flygar og prislønt forfattar. Hans mest kjende verk, Den vesle prinsen, kom ut i 1943 med hans eigne teikningar.