Leggetid
Pappa seier at det er leggetid, men jenta vil at dei skal lese meir. Berre ei bok til før ho legg seg! Ho skulle ynskje at nokon hadde skrive ei
bok om henne. Men i bokhyllene finst det berre bøker om andre, ho skulle ynskje at nokon hadde skrive ei bok om henne. Saman diktar dei to opp boka om jenta. Skal det vere slimmonster i den boka? Skal ho klatre opp på verdas høgaste fjell? Skal ho reise tilbake i tid for å møte bestefar? Skal ho reise til framtida og møte seg sjølv som vaksen? Ja, alt er mogleg i ei bok. Men om alt er mogleg, kan jo alt mogleg skummelt også hende. Og kva skjer når pappa blir så ivrig med å dikte at han gløymer at det faktisk er leggetid?
Sitat frå melding
["««Sidene er fylte av detaljer som tåler å bli lest mange ganger
alt i et vell av fint avstemte farger»» - Guri Fjeldberg
Bergens Tidende "
"««Både verbalt og visuelt er «Leggetid» en hjertevarm og festlig fortelling om å skape magi sammen
om å dele tid og nærhet»» - Maya Troberg Djuve
Dagbladet "
"««Smart metaforteljing fra. Frode Grytten og Mari Kanstad Johnsen»» - Hadle Oftedal Andersen
Klassekampen "
"««Leggetid er en perle av en bok - som garantert vil inspirere små og store. [...] Toppkarakter!»» - Mette Bleken
Hardanger Folkeblad "
"««Leggetid» er ei fantastisk koseleg fabelreise der pappa føyeleg er med på ungen sine påhitt
men òg er skapande med på leiken»» - Marianne Lystrup
Vårt Land "
"««Frode Gryttens dialog gjør settingen troverdig og Mari Kanstad Johnsens muntre illustrasjoner gjør det enkelt å dra på smilebåndet og kjenne seg igjen i scenarioet. Tekst og bilder utfyller hverandre godt i boken.»»
Barnebokkritikk.no "
"««Ei gåve av ei godnattbok til alle som vil setje fyr på fantasien og draumande.»» - Eivind Myklebust
Klassekampen "
"««En ode til fantasien
forestillingsevnen
litteraturen og godnatt-lesningen. Årets koseligste barnebok.»» - Jonas Bals
Klassekampen "]
Frode Grytten
(f. 1960) er frå Odda. Han er ein av dei mest markante novelleforfattarane i Noreg, men har òg hatt suksess innanfor fleire andre sjangrar. Det store gjennombrotet fekk han med romanen Bikubesong i 1999. Grytten debuterte i 1983, og har sidan skrive både romanar, noveller, barnebøker og lyrikk. Novellene hans har blitt gitt ut i fleire samlingar og utval, seinast i den 870 sider tjukke Noveller i samling frå 2009.
Felles for tekstane til Grytten er at dei skildrar vanlege folks liv med ein uvanleg energi, både medrivande barndomsskildringar og kompliserte kjærleikshistorier blir fortalde på ein varm måte som gjer det mogleg å følgje karakterane inn i dei mest hudlause situasjonar. Grytten har lang fartstid som essayist og journalist, m.a. som reporter for Bergens Tidende. Han har undervist i reportasjeskriving på universitet, høgskolar og i dei fleste store redaksjonar i Noreg, og blei i 2003 tildelt Norsk språkpris for sitt journalistiske arbeid. I boka 50/50 frå 2010, er 50 av hans journalistiske tekstar for første gong samla mellom to permar.
Frode Grytten fekk Brageprisen for Bikubesong i 1999 og blei for same bok nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Han blei tildelt Rivertonprisen for kriminalromanen Flytande bjørn i 2005, og for Rom ved havet, rom i byen fekk han Melsomprisen i 2008. Teaterversjonen av Bikubesong mottok strålande kritikk og trakk fulle hus både i Oslo og Bergen. Grytten bur i Bergen.
Litterære prisar
Melsom-prisen
For Rom ved havet, rom i byen
Nynorsk litteraturpris
For Rom ved havet, rom i byen
Sunnmørsprisen
Sunnmørsprisen for 2007
Samlagsprisen
Samlagsprisen for 2006
Rivertonprisen
For Flytande bjørn
Norsk språkpris
Norsk språkpris 2003
Sigmund Skard-stipendet
Sigmund Skard-stipendet for 2000
Brageprisen
For Bikubesong.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO