Jon og den lange julenatta
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Jon og den lange julenatta

3–6 år
Julekvelden ventar med gåver og herleg mat, men Jon er ikkje å sjå i julestova, for hesten hans, Tyra, skal få føl. Og det på sjølvaste julenatta! Jon lèt julefeiring vere julefeiring og tek med seg termos og sovepose ut i stallen. Der legg han seg i høyet for å passe på Tyra, som snart skal bli mor. Ei varm og vakker juleforteljing om underet som skjer i stallen julenatta. Hilde Myklebusts jordnære og varme tekst, i lag med Inger Lise Belsviks vakre illustrasjonar, vil gå rett heim hos store og små.
329,00 kr
Sider
30
Utgivingsår
2009
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252174809
Hilde Myklebust
Om forfattaren

Hilde Myklebust

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008.

Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande. I Søkk skapar forteljingar frå barndomen, brå minne, segner, overtru og folkeprat ein underliggjande straum av uro mot noko som blir til ei kald røynd. Ramma rundt dikta er forteljinga om ei ung kvinne som mister barnet sitt.

I 2009 gav Myklebust ut biletboka Jon og den lange julenatta, illustrert av Inger Lise Belsvik. I 2020 kom bildeboka Ylva og villgeitene, illustrert av Akin Duzakin. Ungdomsboka Splintra kom ut i 2022 og blei nominert til Brageprisen, til U-prisen, til den tyske litteraturårisen Buxtehuder Bulle, og er valt ut som ein White Raven i 2023. Boka har fått ei rekke gode meldingar.

Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto av Helle Frogner: