Inger Lise Belsvik
(f. 1961) er grafikar, teiknar, illustratør og forfattar. Som illustratør meistrar Belsvik den fine balansegangen mellom tolking og meddikting. Ho har fleire gonger vunne gull i konkurransen «Årets vakreste bøker», og ho fekk Kulturdepartementets illustrasjonspris i 1997 og 2004. Blant dei mange bøkene ho har illustrert for Samlaget, kan ein nemne Ikkje gløym å klappe katten (1997) av Rønnaug Kleiva, På ein krakk på ein stol (1998) av Solfrid Sivertsen, Dei blå revane (2003) av Mary Bente Bringslid og Jon og den lange julenatta (2009) av Hilde Myklebust.
Hausten 2010 debuterte Belsvik som forfattar med biletboka Spring, hesten, spring!, og i 2024 kom Oske.
Inger Lise Belsvik har utdanning i grafisk kommunikasjon frå Stavanger (1982–1985) og i illustrasjon frå Kingston University i England (1990–1991). Ho har også hospitert ved Statens håndverks- og kunstindustriskole (1991–1992) og vore student ved Norsk barnebokinstitutts forfattarutdanning (2006–2007). Belsvik kjem frå Sandnes, men bur og arbeider i Oslo.
Litterære prisar
- Diplom i Årets vakreste bøker 2008
Vis alle prisaneVis færre prisar
Diplom i Årets vakreste bøker 2008
Diplom i Årets vakreste bøker i klassen skjønnlitteratur/bildebok for Eg sette brillene på min katt av Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas
Utgivingar av forfattaren
I Oske møter vi ein liten gut som saknar faren sin. Det er ikkje lenge sidan faren døydde, og minna om han er sterkt til stades heime i
Les meir …
Oske
Guten i denne forteljinga må, saman med den brune hesten, leggje ut på ei farefull ferd gjennom eld og vatn, luft og jord. Hesten treng hjelp til noko,
Les meir …

