InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Oske

3–6 år
«Belsvik fortel stramt og godt, og guten sitt heilt konkrete sorgarbeid gjer boka til noko eige ... [B]åde dei som har mista nokon og dei som er redde for døden, kan finne ei ro og ei trøyst mellom permane til Oske.»
— Petra J. Helgesen, Barnebokkritikk.no
I Oske møter vi ein liten gut som saknar faren sin. Det er ikkje lenge sidan faren døydde, og minna om han er sterkt til stades heime i huset. Guten går inn på soverommet og ser at det framleis er eit søkk i hovudputa til pappa. Han går inn på kjøkenet og ser at det framleis er ein kaffiskvett igjen i koppen pappa pla drikke av. Han går ut på balkongen og kjenner at det framleis luktar pappa av den gamle skuggelua hans. Saman med mora samlar guten nokre av tinga til pappa og ber dei med ut til den fine trehytta som dei snikra i lag. Der oppe i trehytta får guten sagt farvel til faren på sin heilt eigen måte, og det kjennest godt. Oske er ei biletbok som inviterer til samtale om kva døden er, og om korleis ein kan leve vidare når nokon ein er glad i, er borte.



349,00 kr
Sider
32
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234011474
Inger Lise Belsvik
Om forfattaren

Inger Lise Belsvik

(f. 1961) er grafikar, teiknar, illustratør og forfattar. Som illustratør meistrar Belsvik den fine balansegangen mellom tolking og meddikting. Ho har fleire gonger vunne gull i konkurransen «Årets vakreste bøker», og ho fekk Kulturdepartementets illustrasjonspris i 1997 og 2004. Blant dei mange bøkene ho har illustrert for Samlaget, kan ein nemne Ikkje gløym å klappe katten (1997) av Rønnaug Kleiva, På ein krakk på ein stol (1998) av Solfrid Sivertsen, Dei blå revane (2003) av Mary Bente Bringslid og Jon og den lange julenatta (2009) av Hilde Myklebust.

Hausten 2010 debuterte Belsvik som forfattar med biletboka Spring, hesten, spring!, og i 2024 kom Oske.

Inger Lise Belsvik har utdanning i grafisk kommunikasjon frå Stavanger (1982–1985) og i illustrasjon frå Kingston University i England (1990–1991). Ho har også hospitert ved Statens håndverks- og kunstindustriskole (1991–1992) og vore student ved Norsk barnebokinstitutts forfattarutdanning (2006–2007). Belsvik kjem frå Sandnes, men bur og arbeider i Oslo.