InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Kvit stig morgon skir: dikt

«Hilde Myklebust teiknar som vanleg både sterke og vakre bilde, frå blod, slintrar og død, til skildringar av lys, lukter, fargar, natur og kjensler.»
— Synste Møre
Kvit stig 
morgon skir

Kvitt veks lyset 
frå mor sin munn

Legg seg over sjøen 
i ei bøn

Aron vert fødd 18. oktober 1877 og veks opp i tronge kår på Sunnmørs-kysten. Livet og dauden er tett på familien ved fjorden, dei mister ein veslebror og snart endå ein. Aron tek hyre til sjøs 20 år gammal og mønstrar på skipet Undine av Haugesund. Fyrstereisa endar i tragedie: I storm går skipet på grunn utanfor Portugal, og berre halve mannskapet bergar seg.

Kvit stig morgon skir fortel om eit liv ved og på sjøen, i ei tid då menneska stod nærare naturen og var avhengige av det fjorden og markene gav. Samspelet gjorde det mogleg å leve, men alltid på nåde. 

Med ein veldig nærleik til naturen og alt levande diktar Hilde Myklebust fram livet til sin eigen oldefar.
329,00 kr
Sider
82
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234004919
Meiningar

Det kritikarane seier

3 omtaler

«Det er noe med Hildes poesi som treffer meg. Et nydelig språk der ordene faller på plass, presise observasjoner, sterke nyskapende bilder. Det er jordnært og samtidig friskt og overraskende. Ingenting virker konstruert, det fremstår autentisk, troverdig.»

— PoesiRingen

«Hilde Myklebust har skrive ein biografi av ein heilt ny type. ... Det er ei flott bok, dette her, full av poesi og menneskeleg forståing»

— Klassekampen

«Det er noko urovekkjande over dikta til Hilde Myklebust, eit djupt alvor som set seg i merg og bein.»

— Dag og Tid

Hilde Myklebust
Om forfattaren

Hilde Myklebust

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008.

Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande. I Søkk skapar forteljingar frå barndomen, brå minne, segner, overtru og folkeprat ein underliggjande straum av uro mot noko som blir til ei kald røynd. Ramma rundt dikta er forteljinga om ei ung kvinne som mister barnet sitt.

I 2009 gav Myklebust ut biletboka Jon og den lange julenatta, illustrert av Inger Lise Belsvik. I 2020 kom bildeboka Ylva og villgeitene, illustrert av Akin Duzakin. Ungdomsboka Splintra kom ut i 2022 og blei nominert til Brageprisen, til U-prisen, til den tyske litteraturårisen Buxtehuder Bulle, og er valt ut som ein White Raven i 2023. Boka har fått ei rekke gode meldingar.

Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto av Helle Frogner: