Klar, ferdig, spøk!

Elizabeth Baguley | Marion Lindsay | Ragnar Hovland

Skummelsøt spøkelseshistorie for dei minste!

Børre er berre eit bittelite spøkelse. Han vil så gjerne spøke like bra som dei store, men er redd for skumle skogar og skremmande slott. Om han berre kunne finne eit hyggeleg lite hus å spøke i!

Børre drar ut for å leite, og på vegen må han gøyme seg for ein ulande ulv, ein kvesande slange og ein brølande drake. Det blir litt huttetu-skrekk-og-gru skummelt, men går heldigvis bra. Og til slutt finn han eit bittelite slott som treng eit bittelite, kongeleg spøkelse. ”Skumle-meg, skrem-meg”, seier Børre, no treng han aldri kjenne seg for liten meir!

Ei søt og rygg-sitrande godnatt-historie om å overvinne frykt og finne ein stad å kjenne seg trygg.   

Frå engelsk ved Ragnar Hovland og Erle Stokke.

Frå Bokmeldingar

"Som sagt fungerer samspelet mellom tekst og bilete svært godt for å byggje opp spenninga i boka, og både tekst og bilete har gode kvalitetar kvar for seg. illustrasjonane er originale, og det er særleg bruken av fargar som fascinerer. (...) Boka eignar seg veldig fint i barnehagen, og ho kan òg passe for barn som har knekt lesekoden og ønskjer å lese sjølve."
Irene Garnes Hareide, Nynorskbok.no

"Knallbra for småtroll. (...) Utruleg søt spøkelsesbok for dei aller minste, og ho er faktisk skummel. I alle fall om du er tre år. (...) Nydeleg omsetjing av Ragnar Hovland og Erle Stokke til humoristisk, rytmisk, fargerikt og lyrisk nynorsk. (...) Ei koseleg-skummel bok som kan gje frydefulle hyl og koselege stundar med ein småtting i armkroken."
Ingeborg Marie Jensen, Stavanger Aftenblad


ISBN: 9788252179743

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Elizabeth Baguley

Emneknagg: 2011, Innbunden,

Sjanger: Biletbøker



Fleire bøker av Elizabeth Baguley