Under Säfstaholmen: dikt

Skjønnlitteratur

Under Säfstaholmen: dikt

Ingvar Nistads tredje diktbok er eit sårt og treffande portrett av forholdet mellom ein son og ein far. Først er det sonen som har ordet. Han er på vitjing hos faren, ein verdsvand mann, ein som har venner, ein som har kunnskapar. Den geografiske ramma er Pfalz. Sidan er staden ein annan. No er det faren som snakkar. Han snakkar til sonen, han pratar med seg sjølv, og han talar til veggene. Til sist, er det berre nynninga. dò, dò, dò dò, dò dò dò dò dò dò dò dò, dò, dò, dò dò, dò dò dò dò dò dò
329,00 kr
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252197495
Ingvar Nistad
Om forfattaren

Ingvar Nistad

Ingvar Nistad (f. 1954) er frå Fjaler.
Han debuterte med diktsamlinga Eg les denne steinen i 2000.

I 2008 ga Nistad ut si andre bok, Dagane i Cholpon-Ata. Her presenterer han eit heilt særeige univers der forteljaren vandrar ved innsjøen, i gatene og sit i hagen under frukttrea. Slik er dagane i Cholpon-Ata, og slik flettar forteljingane seg saman til ei diktbok heilt utanom det vanlege.

Under Säfstaholmen er Nistad si tredje bok. Først er det ein son som har ordet, han vitjar faren; den geografiske ramma er Pfalz. Sidan er staden ein annan, og no har faren ordet; han pratar med seg sjølv, han talar til veggene.

Ingvar Nistad arbeider som lærar i vidaregåande skule. Han bur i Strandvik i Fusa.