Ingvar Nistad
Foto: Sverre Kvamme
Last ned portrett
Forfattar

Ingvar Nistad

Ingvar Nistad (f. 1954) er frå Fjaler.
Han debuterte med diktsamlinga Eg les denne steinen i 2000.

I 2008 ga Nistad ut si andre bok, Dagane i Cholpon-Ata. Her presenterer han eit heilt særeige univers der forteljaren vandrar ved innsjøen, i gatene og sit i hagen under frukttrea. Slik er dagane i Cholpon-Ata, og slik flettar forteljingane seg saman til ei diktbok heilt utanom det vanlege.

Under Säfstaholmen er Nistad si tredje bok. Først er det ein son som har ordet, han vitjar faren; den geografiske ramma er Pfalz. Sidan er staden ein annan, og no har faren ordet; han pratar med seg sjølv, han talar til veggene.

Ingvar Nistad arbeider som lærar i vidaregåande skule. Han bur i Strandvik i Fusa.

Utgivingar av forfattaren