Dagane i Cholpon-Ata
Hefta

Dagane i Cholpon-Ata

Dei vandrar ved innsjøen, i gatene, dei sit i hagen under frukttrea mens ein hest går forbi på gata. Slik er dagane i Cholpon-Ata, og slik flettar forteljingane seg saman til ei diktbok heilt utanom det vanlege.

429,00 kr
Ingvar Nistad
Om forfattaren

Ingvar Nistad

Ingvar Nistad (f. 1954) er frå Fjaler.
Han debuterte med diktsamlinga Eg les denne steinen i 2000.

I 2008 ga Nistad ut si andre bok, Dagane i Cholpon-Ata. Her presenterer han eit heilt særeige univers der forteljaren vandrar ved innsjøen, i gatene og sit i hagen under frukttrea. Slik er dagane i Cholpon-Ata, og slik flettar forteljingane seg saman til ei diktbok heilt utanom det vanlege.

Under Säfstaholmen er Nistad si tredje bok. Først er det ein son som har ordet, han vitjar faren; den geografiske ramma er Pfalz. Sidan er staden ein annan, og no har faren ordet; han pratar med seg sjølv, han talar til veggene.

Ingvar Nistad arbeider som lærar i vidaregåande skule. Han bur i Strandvik i Fusa.