Eg les denne steinen
Hefta

Eg les denne steinen

Ingvar Nistad (f. 1945) er frå Fjaler. Han bur no i Strandvik i Fusa. Han er keramikar, og arbeider som kunstfaglærar i vidaregåande skule.

Nistad debuterer med diktsamlinga Eg les denne steinen.

Nistad har publisert enkeltdikt i mange år, og i det legendariske tidsskriftet "Basar" fekk han i 1981 denne skarpe observasjonen på trykk:

elvis og sivle

elvis og sivle

har det til felles

at snur me namna deira

bak fram

og

berre ein hund

naturlegvis

eller

nothin but a hound dog

429,00 kr
Ingvar Nistad
Om forfattaren

Ingvar Nistad

Ingvar Nistad (f. 1954) er frå Fjaler.
Han debuterte med diktsamlinga Eg les denne steinen i 2000.

I 2008 ga Nistad ut si andre bok, Dagane i Cholpon-Ata. Her presenterer han eit heilt særeige univers der forteljaren vandrar ved innsjøen, i gatene og sit i hagen under frukttrea. Slik er dagane i Cholpon-Ata, og slik flettar forteljingane seg saman til ei diktbok heilt utanom det vanlege.

Under Säfstaholmen er Nistad si tredje bok. Først er det ein son som har ordet, han vitjar faren; den geografiske ramma er Pfalz. Sidan er staden ein annan, og no har faren ordet; han pratar med seg sjølv, han talar til veggene.

Ingvar Nistad arbeider som lærar i vidaregåande skule. Han bur i Strandvik i Fusa.