Nesten saman: dikt

Barn og ungdom

Nesten saman: dikt

12–16 år
Kanskje du akkurat no er åleine. Kanskje du trur at ingen bryr seg. Kanskje du trur at ingen ser deg. Kanskje du trur at du ikkje er bra nok. Kanskje du trur at ingen veit kven du er. Kanskje du ikkje kan førestelle deg at det finst nokon som tenkjer på deg og berre på deg kvar dag, kvar time, kvart minutt og sekund. Går det an å vere forelska i den suraste på heile skulen? Går det an å vere nesten saman?
249,00 kr
Utgivingsår
2013
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185201
Harald Nortun
Om forfattaren

Harald Nortun

Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. I 2015 gav han ut ein kritikarrost roman for barn, Eksperimentet, som er omsett til fire språk, blant anna fransk og nederlandsk. I 2019 blei barneromanen Blå flaggermus nominert til Brageprisen, og året etter blei boka Superfinalist i Bokslukerprisen. For den siste boka si Skallen (2021) var han også Superfinalist i Bokslukerprisen. Nortun er busett i Trondheim.