Eksperimentet: roman

Barn og ungdom

Eksperimentet: roman

9–12 år
Klassisk forviklingshistorie med alvorlege undertonar «Vi kan byte namn,» seier eg til Amanda. «Du kan vere meg, og eg kan vere deg,» forklarer eg. «Så blir eg jente, og du blir gut.» På toget på veg til besteforeldra overtaler Amund tvillingsøstera Amanda til å bli med på eit lite eksperiment. Dei skal byte identitet, og late som dei er kvarandre. Spøken skal berre vare ein kveld, men så får dei uventa besøk. Då blir det vanskeleg å byte tilbake ... Eksperimentet er ei spennande forteljing om eit tema som opptek dei fleste barn: draumen om å vere motsett kjønn.
249,00 kr
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252187915
Harald Nortun
Om forfattaren

Harald Nortun

Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. I 2015 gav han ut ein kritikarrost roman for barn, Eksperimentet, som er omsett til fire språk, blant anna fransk og nederlandsk. I 2019 blei barneromanen Blå flaggermus nominert til Brageprisen, og året etter blei boka Superfinalist i Bokslukerprisen. For den siste boka si Skallen (2021) var han også Superfinalist i Bokslukerprisen. Nortun er busett i Trondheim.