Eksperimentet

Barn og ungdom

Eksperimentet

9–12 år 2 t 37 min
Klassisk forviklingshistorie med alvorlege undertonar Tvillingane Amund og Amanda skal på ferie til besteforeldra på Sørlandet. På toget finn dei ut at dei vil bytte namn og klede. Amund skal bli Amanda, og Amanda skal bli Amund. Guten skal bli jente, og jenta skal bli gut. Dei skal late som dei er kvarandre, eit eksperiment som berre skal vare ein kveld. Men så får dei uventa besøk som ikkje gjennomskodar spøken, og då blir det vanskeleg å byte tilbake ... Eksperimentet er ei spennande forteljing om eit tema som opptek mange barn: Fantasien om å vere motsett kjønn.
279,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234004148
Harald Nortun
Om forfattaren

Harald Nortun

Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. I 2015 gav han ut ein kritikarrost roman for barn, Eksperimentet, som er omsett til fire språk, blant anna fransk og nederlandsk. I 2019 blei barneromanen Blå flaggermus nominert til Brageprisen, og året etter blei boka Superfinalist i Bokslukerprisen. For den siste boka si Skallen (2021) var han også Superfinalist i Bokslukerprisen. Nortun er busett i Trondheim.