Det året vi ikkje hadde råd til juletre

Barn og ungdom

Det året vi ikkje hadde råd til juletre

9–12 år 6 min
Det er jul, men familien i Harald Nortun si forteljing har ikkje råd til juletre. Veslesøster Stine vil så gjerne ha eit tre, men foreldra har mista jobben og har så vidt råd til julemat. På veslejulaftan spør pappa om eg-forteljaren vil vere med ut. Saman snik dei seg inn i skogen til bonden og sagar ned eit lite tre. Men når dei har kome heim og pynta treet, kjem bonden på døra. Har han funne ut at dei har stole treet? Harald Nortun har skrive ei sår og varm historie om skam, nestekjærleik og om å vere fattig i verdas rikaste land. Publisert i Barnas juleroser 2021.
79,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234008726
Harald Nortun
Om forfattaren

Harald Nortun

Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. I 2015 gav han ut ein kritikarrost roman for barn, Eksperimentet, som er omsett til fire språk, blant anna fransk og nederlandsk. I 2019 blei barneromanen Blå flaggermus nominert til Brageprisen, og året etter blei boka Superfinalist i Bokslukerprisen. For den siste boka si Skallen (2021) var han også Superfinalist i Bokslukerprisen. Nortun er busett i Trondheim.