Fengsla: roman

Barn og ungdom

Fengsla: roman

12–16 år
Då Mai kjem med toget blir livet til Idun snudd på hovudet. Idun er flinkast i klassen, men blir alltid nummer to på 800-meter. Ein ettermiddag i august kjem kusina Mai med toget. Med Mai i livet går kvardagen brått frå kjedeleg til farleg, frå lovleg til ulovleg, og alt Idun kan gjere, er å springe fortare. Fengsla vart i 2010 kåra til beste barne- og ungdomsbok av Brageprisjuryen.
249,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185515
Hilde K. Kvalvaag
Om forfattaren

Hilde K. Kvalvaag

Hilde K. Kvalvaag (f. 1968) bur i Bergen. Ho debuterte med ungdomsromanen Hjarteklapp i 2003. For den fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris.

For si andre bok, Nattsommarfugl (2005), mottok Kvalvaag Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok og Guro Sandsdalens litteraturpris. I 2008 gav ho ut si første bok for vaksne, romanen Skagerrak, som ho fekk Samlagsprisen for. I 2010 vart ho tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for romanen Fengsla (2010).

Fleire av bøkene hennar er omsett til tysk.