Migrasjonar: 1976-2020

Skjønnlitteratur

Migrasjonar: 1976-2020

Omsett frå spansk
Unikt livsverk endeleg på norsk. «Migrasjonar» er eit av vår tids største poetiske prosjekt. Sidan 1970-åra har den meksikanske poeten Gloria Gervitz skrive på dette langdiktet, som har blitt utgitt i stadig nye versjonar. Kvar einskild av dei opnar for nye tolkingar. Verket har vakse fram frå livet til forfattaren og frå historia til familien hennar: flukta frå jødeforfølgingane i Aust-Europa tidleg på 1900-talet. Lesaren blir dratt med i eit enormt sveip gjennom ulike tider, tradisjonar, språk og røyster i eit ekspansivt dikt som krinsar rundt slekt og einsemd, religion, død og seksualitet. Boka er gjendikta frå spansk av Helene Hovden Hareide, som også har skrive eit etterord.
329,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234000430
Gloria Gervitz
Om forfattaren

Gloria Gervitz

Gloria Gervitz er fødd i Mexico by i 1943 i ein jødisk familie med austeuropeisk opphav. I tillegg til dei ulike versjonane av langdiktet Migrasjonar har ho gitt ut gjendiktingar av forfattarar som Anna Akhmatova, Lorine Niedecker og Samuel Beckett. I 2019 vart ho tildelt Pablo Neruda-prisen for livsverket sitt. Migrasjonar har så langt blitt gjendikta til engelsk, tysk, polsk, arabisk og svensk.

Meir om Gloria Gervitz →