Landet under isen: fantasyroman

Barn og ungdom

Landet under isen: fantasyroman

12–16 år
Fire sakna ungdommar. Tre stammar. Eit bortgøymt land under isen. Sju protokollar. Éin utvald. Éin forrædar. Den siste striden er her. No. Midt iblant oss. Leo Rubin er mot sin vilje utvald til å kjempe mot den vonde munken, og på vegen opplever han krig mellom stammane og sterke krefter han må stå imot. Lars Mæhle har med utgangspunkt i religionshistoria skrive ein innhaldsrik, intens og overveldande god fantasy-roman med for ungdom. Landet under isen blei tildelt Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009 og vann UPrisen i 2010. Boka blei dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris.
249,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182392
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.