InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Tusenfryd: noveller

12–16 år
Året då alt blei snudd opp ned. Ein tettstad. Ein klasse. Seks elevar. Kaleb rømmer med den kreftsjuke veslesøstera si for at ho skal få køyre karusell på Tusenfryd før ho døyr. Fred ønskjer å finne ein stad der han kan vere i fred frå Adrian, plageånda i klassen. Sjølv vil Adrian berre vere langt unna far sin. Tonje stammar og tør ikkje seie noko i timen. Tobias kjem flyttande frå byen fordi far hans meiner det kan gi familien ein ny start. Tobias blir naboen til Kaja, som alltid får hovudrollene i klassen sine teaterstykke - bortsett frå dette året, då alt blir snudd opp ned. Novellene følgjer dei seks elevane gjennom eit halvt år. Alle står på terskelen til ungdomstida. Alle har draumar om noko nytt og betre. Dei åtte novellene i boka blir vovne saman til ei samanhengande historie, der alle får sjansen til å bli høyrde.
329,00 kr
Sider
127
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234006890
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.