Andromeda: ungdomsroman

Barn og ungdom

Andromeda: ungdomsroman

12–16 år
Slagkraftig ungdomsroman! William og Samuel gav seg fader ikkje heller. Dei snøfta og slo og dundra laus. Nevane hamra og hamra. Dei var langt inne i ein sinnssvak rus av sprit og raseri. Det verste var at eg godt visste kva for tilstand dei var i. I eit mørke bortanfor alt. Der ein har gløymt alle reglar og all folkeskikk. 16 år gamle Simon har blitt flytta til ein ny fosterheim i ein liten dal på Vestlandet. Han trur han skal få ein lett match med å hevde seg her, men ting utviklar seg annleis enn han trur. Andromeda er ein roman om unge menneske som på ulikt vis kjenner seg utanfor og annleis. Det er ei dramatisk historie om svik og lojalitet, posisjonering og sosialt spel.
249,00 kr
Sider
228
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252198997
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.