InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Kattekrøll

6–9 år
Katteforviklingar! Leo, den nye katten til naboen, er forsvunnen. Naboen skal på ferie og er fortvila over at Leo enno ikkje er kommen til rette. Ane og farfar lover å sjå etter den gulbrannete katten. Ane veit at det er vanskeleg for ein omplasseringskatt å finne vegen heim på eiga hand. Men ho veit enno ikkje kor mykje krøll som kan oppstå når ein skal redde ein katt - sjølv om ein berre prøver å hjelpe! Kattekrøll er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Leseland. Nivå 4.
249,00 kr
Sider
58
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252193787
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.