Svartedama

Katarina Genar
Alexander Jansson (Ill.) | Innbunden | Sidetal: 60 | ISBN: 9788252190960

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price199,00 kr

Skildring

Spøkelse og magi og ein herleg spennande skule!

Skulen til Grete og Marius er kjempegammal. Over hundre år. Av og til skjer det mystiske ting. Det knirkar og knakar i veggane. Det er dei gamle lærarane og elevane som går igjen! Dei finst overalt. Men dei viser seg ikkje så ofte. I alle fall ikkje for kven som helst ...

"Kven tør å vere med til Den svarte dama?" spør Sally i friminuttet.
Den svarte dama finst i spegelen på doen, og Sally veit korleis ein får henne til å komme fram. Eller rettare sagt: Ho trur at ho veit ...

Bli med til skulen der porten knirkar, det er spindelvev i vindauga og ein høyrer kvesande pust i korridoren.

Les også:
Den mystiske skulen: Spøkelseshunden
Den mystiske skulen: Ånda i glaset

Den svarte dama er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Øystein Rosse.

Leseland. Nivå 2.

Bla-i-boka

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du liker kanskje også

Sist sett på