Grete elskar den mystiske skulen sin. Der finst det både ein rektor som går igjen, og ei latterfrøken som viser seg i spegelen på do. Og då Grete ser at det er bitemerke på arket hennar, og høyrer noko som knurrar og krafsar, forstår ho at det berre kan bety éin ting: Spøkelseshunden har vakna!
Bli med til skulen der porten knirkar, det er spindelvev i vindauga og ein høyrer kvesande pust i korridoren.
Les også:
Den mystiske skulen: Svartedama
Den mystiske skulen: Ånda i glaset
Spøkelseshunden er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.