Juleroser 2022

Skjønnlitteratur

Juleroser 2022

Juleroser er eit illustrert, litterært julehefte med nyskrivne bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne. Juleroser 2022 er det åttande i rekka og har bidrag frå mellom andre Rune Christiansen, Nina Lykke, Robert Stoltenberg, Britt Karin Larsen, Brynjulf Jung Tjønn, Kari Anne Bye, Jeaninne Masika Harrysson, Marta Norheim, Oda Malmin, Anne Gunn Halvorsen, Caroline Serck-Hanssen, Morten Krogvold, Olha Pilyuhina, Mette Hellenes, Kristin Talseth, Knut Løvås og Christer Karlstad. Alfred Fidjestøl har intervjua Dag Solstad. Janove Ottesen har skrive den nye julesongen til årets hefte. I tillegg får du tre flotte kunsttrykk som du kan ta ut og ramme inn.
199,00 kr
Sider
72
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234005176
Herborg Kråkevik
Om forfattaren

Herborg Kråkevik

Herborg Kråkevik (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære og allsidige scenekunstnarar og kulturformidlarar. Ho vaks opp i Jondal og bur no i Viborg i Danmark. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015. I tillegg til å vere redaktør for Juleroser er ho skodespelar, tekstforfattar, komikar og artist med fleire plateutgivingar, filmar, teater, musikalar og show på samvitet.