Skjønnlitteratur

Juleroser 2025

Endeleg er årets utgåve av Juleroser her; Noregs mest elska julehefte. I 2025 er temaet englar, og gjennom dikt, forteljingar, biletkunst og musikk inviterer vi deg til å finne lys og glede midt i den mørke årstida.

Årets bidragsytarar inkluderer Karl Ove Knausgård, Solveig Kloppen, Gunnhild Øyehaug, Kari Bremnes, Herbjørg Wassmo, Levi Henriksen, Brynjulf Jung Tjønn og mange fleire.

Som ei ekstra gåve får du òg ein heilt nyskriven julesong av Frida Ånnevik.

Juleroser er den perfekte julegåva til deg sjølv eller nokon du er glad i. Med si unike blanding av det nostalgiske og det moderne skaper heftet den ekte julestemninga.

God jul!


*

Årets bidragsytarar:
Edward Coley Burne-Jones
Åse-Marie Nesse
Christopher Rådlund
Anne Runa Jordet
Levi Henriksen
Bob Walkenhorst
Frida Ånnevik
Stian Hole
Solveig Kloppen
Anne Lise Knoff
Herbjørg Wassmo
William Blake
Karl Ove Knausgård
Angelico
Anselm Kiefer
Rafael
Kari Bremnes
Borghild Rud
Gunnhild Øyehaug
Kari Steihaug
Einar Økland
Sandnes Garn
Helge Skodvin
Halvor Folgerø
Emily Gernild
Mira Hussain
Anja Dahle Øverbye
Brynjulf Jung Tjønn
Hugo Simberg
Stein Erik Lunde
Gunnar Danbolt
Rex Harris
Sandro Botticelli
Lukas & Matteus
Bernt Støylen
Herborg Kråkevik







269,00 kr
Sider
87
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234011818
Herborg Kråkevik
Om forfattaren

Herborg Kråkevik

Herborg Kråkevik (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære og allsidige scenekunstnarar og kulturformidlarar. Ho vaks opp i Jondal og bur no i Viborg i Danmark. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015. I tillegg til å vere redaktør for Juleroser er ho skodespelar, tekstforfattar, komikar og artist med fleire plateutgivingar, filmar, teater, musikalar og show på samvitet.