InnbundenFleire format

Generell litteratur

Vi vandrar saman: gjennom song og bilde

«Herborg Kråkevik ga oss en musikalsk skatt for 25 år siden med «Kråkeviks songbok». Nå gjør hun det igjen – denne gangen mellom to permer. .... Med denne fantastiske lille, men samtidig veldig store boka fortsetter hu...»
— Tor Hammerø, Nettavisen
Norsk song- og biletkunst.

«Aldri har vel den norske songskatten blitt tolka på ein finare måte», sa Spelemann-juryen då Kråkeviks songbok kom ut med eit brak for 25 år sidan.

No har Herborg utvida songskatten og fått kopla han med nokre av dei mest markante bileta i norsk målarkunst, henta frå Nasjonalmuseet. Resultatet er blitt ei praktbok som viser oss den norske kulturarven på nytt og personleg vis.

Du får mellom anna vite kvifor «Norge, mitt Norge» får Herborg til å tenkje på Sohlbergs Vinternatt i Rondane, og korleis Halfdan Egedius’ verk Lørdagskveld høyrer saman med Olav Stedje-hiten «Vi vandrar saman».

Og kva har «Den fyrste song eg høyra fekk» å gjere med IC Dahl-måleriet Frå Stalheim?

- Ei bok til alle som set pris på dei norske song- og kunstskattane.
- Songane er utstyrte med notar.
- Utgitt i samarbeid med Nasjonalmuseet.
449,00 kr
Sider
111
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234016486
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«[Det er] mange fine overraskingar i denne praktboka av ei songbok.»

— Jan Nyberg, Bergens Tidende

Herborg Kråkevik
Om forfattaren

Herborg Kråkevik

Herborg Kråkevik (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære og allsidige scenekunstnarar og kulturformidlarar. Ho vaks opp i Jondal og bur no i Viborg i Danmark. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015. I tillegg til å vere redaktør for Juleroser er ho skodespelar, tekstforfattar, komikar og artist med fleire plateutgivingar, filmar, teater, musikalar og show på samvitet.