Fleire vestlandsvegar: frå Trollstigen til Djevelens veranda
InnbundenFleire format

Generell litteratur

Fleire vestlandsvegar: frå Trollstigen til Djevelens veranda

«Dette er skummel virkelighetslitteratur om folks hverdag langs fjorder, daler og fjell. Denne boken gir deg stor respekt for alle vestlandsbilister som kjørte med livet som innsats langs smale veier.»
— Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende
Praktbok om dei mest berykta og berømte vegane i Noreg. I 2021 gav NRK-journalist og «vestlandsekspert» Halvor Folgerø ut boka «Vestlandsvegar» om nokre av dei berykta og berømte vegane på Vestlandet. Boka blei ein stor suksess. Men Vestlandet er stort og historiene talrike og dramatiske. I «Fleire vestlandsvegar - Frå Trollstigen til Djevelens veranda» fortel Folgerø om fleire vegstrekk og tar oss med til kjende turistvegar som Sognefjellsvegen, Haukelifjell og vegknutepunktet Lærdal, men også meir ukjende som Austefjordvegen, Aursjøvegen og Dollarvegen. Vi møter nokre av dei som har brutale erfaringar frå livet på smale, svingete og farlege vegar. Frå den berykta rasstrekninga på gamle E69 ved Åndalsnes og sørover til den såkalla Djevelens veranda i Eigersund. Boka er full av gode historier frå nær fortid då det var nødvendig å vera kreativ for å koma fram. Det handlar om bilmekanikaren som redda ferien då han fiksa ein sprokken bensintank med sterilansåpe, om trailersjåføren som blei ufrivillig jordfar på veg opp Hemsedalsfjellet, og om elefantane til Sirkus Arnardo som måtte leiast gjennom dei låge tunellane ved Saudafjorden. Sirkusarbeidarane måtte gå laus på tunelltaket med hakker og slegger for å få bilane gjennom.
449,00 kr
Sider
221
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234009211
Halvor Folgerø
Om forfattaren

Halvor Folgerø

Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, og har jobba i NRK i ei årrekkje. Der har han arbeidd i både radio og TV, og gjort alt frå å vere nyhendeopplesar og programleiar til å lage humorprogram. I seinare tid har han jobba med Eides språksjov saman med Linda Eide. Han har tidlegare skrive to bøker saman med Finn Tokvam, romanen Tyl og samtaleboka Ler dei no så har eg vunne. Eit portrett av Ragnar Hovland. Særleg suksess har han hatt med bøkene Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar frå 2021 og 2022. Bøkene handlar om livet langs dei ville og spektakulære vestlandsvegane, og dei hausta uvanleg god mottaking og nådde mange lesarar då dei kom. I kjølvatnet av bøkene om livet på dei gamle, berykta vegane er ei bok om ferjene eit naturleg framhald, og i 2024 kom boka Ferjefolket.

 

Foto: Tove Breistein