Heim til jul

Skjønnlitteratur

Heim til jul

12 min
Den folkekjære NRK-profilen, Halvor Folgerø, viser oss at reisa heim til jul er den perfekte kombinasjon av idyll og desperasjon. Mykje står på spel. Det handlar om nærværet av menneske ein er glad i og alle minne, luktar, forventningar, lys og varme. Men vegen heim er sjeldan bein og aldri problemfri. Rekk han den siste ferja heim til jul?
79,00 kr
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234016233
Halvor Folgerø
Om forfattaren

Halvor Folgerø

Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, og har jobba i NRK i ei årrekkje. Der har han arbeidd i både radio og TV, og gjort alt frå å vere nyhendeopplesar og programleiar til å lage humorprogram. I seinare tid har han jobba med Eides språksjov saman med Linda Eide. Han har tidlegare skrive to bøker saman med Finn Tokvam, romanen Tyl og samtaleboka Ler dei no så har eg vunne. Eit portrett av Ragnar Hovland. Særleg suksess har han hatt med bøkene Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar frå 2021 og 2022. Bøkene handlar om livet langs dei ville og spektakulære vestlandsvegane, og dei hausta uvanleg god mottaking og nådde mange lesarar då dei kom. I kjølvatnet av bøkene om livet på dei gamle, berykta vegane er ei bok om ferjene eit naturleg framhald, og i 2024 kom boka Ferjefolket.

 

Foto: Tove Breistein