Jag är supermann: noveller

Barn og ungdom

Jag är supermann: noveller

12–16 år
Bjørn, Eskil og ei svensk jente dreg ned til elva for å bade. Syriske Aya kjem til Sunndalsøra etter å ha flykta gjennom heile Europa. Anders blir besøksvenn på aldersheimen for å imponere Marianne. Karl gruar seg for å halde tale i gravferda til veslebror sin. Og rebellen Tuva er tvangssend til dalen, for å bli halden unna eit dårleg miljø i Oslo. Og midt i alt dette finst det truleg også ein rømling, i skjul, ein eller annan stad. Lars Mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia (2002). Filmen Keeper'n til Liverpool (2010), som vann Krystallbjørnen for beste barnefilm ved filmfestivalen i Berlin (2011), er basert på denne boka. Mæhle har etter det skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne. Fantasyromanen Landet under isen (2009) blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, UPrisen (ungdommens eigen litteraturpris), Fabelprisen, og også nominert til Brageprisen. Boka blei også nemnd som ei av dei 35 beste i Dagbladets kåring av «Tidenes beste norske ungdomsromaner» i 2014. Fuck Off I Love You (2012) er også blant Mæhles mest lesne bøker for ungdom. Den blei også nominert til UPrisen og er omsett til dansk.
249,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252191240
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.