Linnés dystre lærdom: kriminalroman

Skjønnlitteratur

Linnés dystre lærdom: kriminalroman

Ein invitasjon til klassetreff gir nytt liv til eit av Ina Griegs fortrengde mareritt. Då ho voks opp forsvann ei 14 år gammal jente, Sonja Lerdahl, på gåtefullt vis. Mistanken blei retta mot Tom Kaser, ein 19-åring kalla «botanikaren». Men noko lik blei aldri funne, og han blei aldri tiltalt. For Ina blir klassetreffet eit høve til å nøste i trådar: Kva skjedde med Sonja? Var det Tom Kaser som bortførte og drap henne? Eller er Sonja framleis i live? Linnés dystre lærdom er ein nervepirrande krim om det eine, avgjerande augeblikket som brått snur opp ned på alt. Boka er den andre boka i serien om Ina Grieg, tobarnsmor, kickboksar og psykolog. Den første boka i serien, Den mørke porten, er selt til Italia og Tyskland. Linnés dystre lærdom er oppfølgjaren til Den mørke porten (2013).
329,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186116
Lars Mæhle
Om forfattaren

Lars Mæhle

Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.

Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.