Vintertonar: roman

Skjønnlitteratur

Vintertonar: roman

«Anders Totland har laga eit kammerspel der vi alle les mellom linjene og han slepp å fortelje oss at vi skal gjere det. Forteljinga held og held tilbake, mens lesaren heile tida kjenner seg klok og ivrig til å kome se...»
— Vidar Kvalshaug, BOK365
Kan ein reparere ein knust familie? «Eg ville fortelje mor si historie, vår historie. Men det blei for nært, for uforståeleg. Alt det svarte og kvite eg trudde eg skulle ta tak i, flaut meir og meir saman til utydelege gråtonar for kvar side eg las i bøkene. Kven var ho eigentleg?» Ein urovekkjande telefonsamtale driv Isak til å vende tilbake til bygda han vaks opp i, ein stad han for lengst trudde han hadde lagt bak seg. I møte med sin døyande far og søstera han aldri blir klok på, prøver han å komme nærmare si eiga historie: finne svar på kva som eigentleg skjedde med mora, og kven som har svike kven. Vintertonar er ei historie om sanning, løgn og løyndommar og om stilla som høyrer heime imellom.
249,00 kr
Sider
136
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234004841
Meldingar

Sagt om boka

8 omtaler

«... gripende og tankevekkende ... Forfatteren skildrer den anspente og trykkende stemningen i familien på en svært overbevisende, fåmælt og ladet måte.»

— Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad

«Ei lågmælt, sterk og tankevekkjande bok ... Boka viser at folk har heilt ulike minne av same fortid, og opnar opp eit mangfald av såra livserfaringar, men er heilt utan bastante svar.»

— Helge Torvund

«Ei lita perle av ein roman.»

— Knut Arild Hareide, stortingsrepresentant

«Med den nyaste boka si, Vintertonar, har Anders Totland uredd kasta seg inn på eit nytt tabu-område; konemishandling. [...] Med boka har han klart å senda strimer av lys inn i eit stort mørke ...»

— Trude Aarsand, Kvinnheringen

«Velskrevet, lettlest og med så mange spørsmål at man hele tiden vil lese neste kapittel ... Boken og spørsmålene den etterlater seg lever videre i tankene etter man er ferdig.»

— Roy Steffensen, stortingsrepresentant

«Ei litterær perle. Ei vondgod bok som tvingar ein til å dikte med, lure, undrast ... Sluttkapittela er så gripande at denne lesaren leste og tørka tårer. Nydeleg lesnad.»

— Jarl Waage, Dagbladet

«En svært god og viktig roman ... Vintertonar er lett å lese, har sterkt driv, solid språk og gode formuleringer.»

— Mette Bleken, Hardanger Folkeblad

«Tårene renner - les! En perle av ei bok - ei bok du ikkje glemmer»

— Ine Bertelsen, Litteraturformidlar

Anders Totland
Om forfattaren

Anders Totland

Anders Totland (f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Han er forfattar og har skrive fleire bøker både for barn og for vaksne. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar, deriblant Den norske slavehandelen (2018), Gunnars rekordbok (2024) og Mamma på dass (2025). Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2022 kom den første boka om den pensjonerte presten Jacob Juul, Til jord skal du bli, og i 2024 kom den nokså frittståande oppfølgjaren Til døden skil oss.