I Hauges eplehage

Skjønnlitteratur

I Hauges eplehage

Frå eplehagen på Rossvoll med utsyn over Ulvik og Hardangerfjorden skreiv Olav H. Hauge fram litteratur som treffer menneske lenge etter hans tid og langt utover i verda. I denne samlinga finn du eit utval av dikt som er knytte til Hauges liv som gartnar og forfattar, dikt fulle av livsvisdom og kloke betraktningar om livet og naturen, om mørke og om håp. Forord ved Ruth Lillegraven.
329,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234003578
Olav H. Hauge
Om forfattaren

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908–1994) er den fremste norske lyrikaren i etterkrigstida og var både klassisist og modernist. Han debuterte som forfattar i 1946.

Gartnaren frå Ulvik kalla seg gjerne sjølv ein vanleg arbeidsmann. I norsk bokheim vart han ein uvanleg arbeidar, ruvande som arvtakar og som nydyrkar. Frå heimen på Rossvoll skaffa han seg vidt utsyn og store kunnskapar. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne på eit kvart hundre språk.

Olav H. Hauge var både klassisist og modernist; han kjende og brukte mange strofeformer og poetiske verkemiddel. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Den folkekjære diktaren er særleg kjent for kjærleiksdikta sine.