InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Der det finst fuglar: roman

Omsett frå dansk
««At det har vært godt romanstoff i historiene i Maren Uthaugs familie er det ikke mye tvil om. Heller ikke at hun har et spesielle litterært talent, som foredler historiene på en fremragende og svært leservennlig vis....»
— Ole Jacob Hoel, Adresseavisa
Eit opprørande slektsdrama frå Trøndelagskysten. Det dansk-norske stjerneskotet Maren Uthaug har basert forteljinga på historier ho sjølv høyrde i barndommen om si eiga slekt, heilt tilbake til tippoldefaren. Ho skriv med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg - og endå vanskelegare å gløyme - om kva isolasjon, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere. For å redde mor si må Johan gifte seg med Marie, jamvel om det er Hannah han elskar. Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så sterkt at dei må binde fast barna for at dei ikkje skal blåse ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv. Dottera er besett av menn. Marie luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg som har lurt kven? «Der det finst fuglar» er ein familiekrønike og ein nordic noir om store tabu, fortald i ein original og usentimental stil med glimt av humor. Frå dansk ved Ingvild Holvik.
429,00 kr
Sider
332
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234000829
Meldingar

Sagt om boka

4 omtaler

««Maren Uthaug har fanget en spesiell stemning i boka, og hun har klart å beskrive følelser og fornemmelser som kan oppstå etter lang tid i isolasjon slik beboerne på fyret opplevde. [...] Til leserne som ønsker en intenst velskrevet bok som river deg vekk»

— Solgunn Solli, Altaposten

««Dansk-norske Maren Uthaug har brukt fyrtårnet til å skrive en sidevender med ingredienser som ulykkelig kjærlighet, store stygge hemmeligheter, gudsfrykt, incest, uheldige graviditeter og barnedrap. [...] i en romansetting fungerer den dramatiske fortell»

— Katrine Judit Urke, Dagbladet

««Maren Uthaug har skrive ein drastisk og medrivande roman [...] .Der det finst fuglar. er ein roman som verken slurvar med spenningskurva eller med tidsbildet. At personane stadig gjer ukloke val som ein både kan forstå og stønne over på same tid, gir akk»

— Marta Norheim, NRK

««Hun lar de tre sentrale karakterene i romanen fortelle historien fra sitt ståsted. Det er en komplisert øvelse, som i dette tilfelle fungerer fint. Den samme fortellingen får lys fra tre forskjellige kilder, hemmeligheter avdekkes, motiver klargjøres og»

— Turid Larsen, Dagsavisen

Maren Uthaug
Om forfattaren

Maren Uthaug

Maren Uthaug (f. 1972) er halvt samisk, med røter på Trøndelagskysten og i Kautokeino, og flytta til Danmark som åtteåring. Ho har gitt ut ei rekke satiriske teikneseriebøker og teiknar den daglege stripa i Politikens kulturseksjon. I 2013 debuterte ho som romanforfattar og har sidan mottatt DR Romanprisen, Otto B. Lindhardt Prisen og Læsernes Bogpris og De Gyldne Laurbær. 88 % er den femte romanen hennar.


Fleire foto av Maren Uthaug:


Foto: Simon Klein-Knudsen




Foto: Thomas Howalt Andersen