Og sånn blei det: roman

Skjønnlitteratur

Og sånn blei det: roman

Omsett frå dansk
Brutale oppbrot. Risten veks opp i Danmark med sin norske far, Knut, og si danske stemor, Grethe. Heime i Noreg sit Ristens samiske mor, Rihtta. Risten får etter kvart namnet Kirsten og gløymer det meste av livet i nord - bortsett frå forteljingane om dei underjordiske som ho fekk høyre av si læstadianske bestemor, Áhkku. Kirsten er ofte så redd om kveldane at ho ikkje får sove, og ho ber dei kvenske bønene Áhkku lærte henne. Grethe og Knut er for opptatt med andre ting til å bry seg med Kirstens kvalar - for eksempel har Grethe ein god del hundar ho må mate, og fem vietnamesiske båtflyktningar i kjellaren. Etter kvart finn Kirsten trøyst i venskapen ho utviklar til den vietnamesiske guten Niels. Og som vaksen reiser ho tilbake til Noreg for å finne ut meir om kvar ho kjem frå. «Og sånn blei det» er ei barndomserindring om å bli trekt opp med rota. Med sitt sedvanlege skråblikk og glimt i auget fortel Maren Uthaug om familieløyndommar, overtru og forboden kjærleik. Til norsk ved Ingvild Holvik.
249,00 kr
Sider
239
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234010941
Maren Uthaug
Om forfattaren

Maren Uthaug

Maren Uthaug (f. 1972) er halvt samisk, med røter på Trøndelagskysten og i Kautokeino, og flytta til Danmark som åtteåring. Ho har gitt ut ei rekke satiriske teikneseriebøker og teiknar den daglege stripa i Politikens kulturseksjon. I 2013 debuterte ho som romanforfattar og har sidan mottatt DR Romanprisen, Otto B. Lindhardt Prisen og Læsernes Bogpris og De Gyldne Laurbær. 88 % er den femte romanen hennar.


Fleire foto av Maren Uthaug:


Foto: Simon Klein-Knudsen




Foto: Thomas Howalt Andersen